Illustrasjonsbilde

Illustrasjonsbilde Foto: Kjell Inge Søreide

Krafttak mot kreft 2019

Det har blitt eit årvisst tiltak for Måløyrussen å delta i innsamlingsaksjonen Krafttak mot Kreft. I år har dei og starta ei digital innsamling for å nå endå fleire gjevarar.

Bli med Måløyrussen 2019 og ta eit krafttak mot kreft. Dette er oppfordringa frå aksjonsleiar Matilde Sjåstad Krøvel. Russen ved Måløy Vidaregåande Skule vil i år, som tidlegare år, bruke tid til å hjelpe Kreftforeininga med å samle inn pengar til den årlege «Krafttak mot Kreft» aksjonen. Russen meiner at dette er ei viktig sak, og stiller velvillig opp for denne saka. I år er det og oppretta ein digital innsamling (sjå lenke under), ved sida av at Måløyrussen 2019 vil gjennomføre ein lokal bøsseaksjon søndag 10. mars.

Årets innsamling går til rehabilitering for kreftramma, der etterskader diverre er svært utbreidd. Difor er det særdeles avgjerande at så mange som mogeleg bidreg for å hjelpe.

Her kan du bidra til den digitale innsamlinga

Om du heller vil bruke Vipps, så er Vipps-kontoen i år  451018  

Tips ein ven Skriv ut