Måløy vidaregåande skule
Skuleanlegget

Skuleanlegget

Korleis vert undervisinga organisert ved Måløy Vidaregåande Skule frå onsdag 6.1.21

Leiargruppa og kontaktlærarane har no fått laga til eit forsvarleg undervisingsopplegg for elevane som er tilpassa den smittesituasjonen vi er i.

Tabellen under viser korleis undervisinga vert organisert no dei to fyrste vekene på skulen. I utgangspunktet vil ein følgje undervisinga etter timeplana både på Teams og på skulen så langt det let seg gjere, men der ein vil måtte gjere endringar, vil klassene verte informerte av kontaktlærar og faglærarar på fagromma i Teams.

Planen for organisering av undervininga vert forlenga og vil også vere gjeldade for måndag 18.01 og tysdag 19.01. Frå og med onsdag 20.01 vert det ordinær undervisning for alle klasser ved skulen. 

Framøte v1 og v2.png

Vil elles få minne om at det er innførd nokre restriksjonar i kantina og at avstanden mellom elevane i fellesområda på skulen skal være minimum 1 meter.

Måløy vgs oppfordrar alle elever og tilsette som skal ta offentleg transport (buss, båt, ferge og drosje) til å bruke munnbind i tråd med lokale og nasjonale forskrifter.