Måløy vidaregåande skule
Vinnarlaget frå Stadlandet Skule

Vinnarlaget frå Stadlandet Skule Foto: Iren Hammersvik

Kokkekamp vel gjennomførd på Vågsøy Ungdomsskule.

Laget frå Stadtlandet Skule gjekk av med sigeren i tett konkurranse med Davik Oppvekst og Vågsøy Ungdomsskule.

Torsdag var lag frå Vågsøy Ungdomskule, Stadtlandet Skule, Hauge Skule, Davik Oppvekstsenter, Gloppen Ungdomsskule og Hornindal Skule samla til kokkekamp på Vågsøy Ungdomsskule. Dette var den fyrste av 3 slike kokkekampar som vert arrangert i Sogn og Fjordane for å fremje kunnskap om utdanninga innan restaurant og matfag, og hadde eit klart fokus på mat i eit helseperspektiv.

Oppgåva var å lage ein kvardagsmiddag for ungdom, der hovedingrediensen var laks/ørret, og ein dessert som er typisk for fylket. Elevane gjekk til oppgåva med liv og lyst, og etter diskusjon om detaljar, kom dommarpanelet frå Norske Kokkers Landsforening Sogn og Fjordane, fram til at vinnar vart Stadtlandet Skule med Davik Oppvekst og Vågsøy Ungdomsskule på dei neste plassane.

Elevane ved Restaurant og matfag ved Måløy Vidaregåande Skule fekk denne dagen være med på arrangørsida og legge til rette for at andre skulle konkurrere. Nyttig lærdom og velfortent ros vart dei til del, saman med dei andre i arrangørkorpset.

Her er nokre fleire bilder frå dagen: (Foto: Edle Iversen og Iren Hammersvik)

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Tips ein ven Skriv ut