Bedriftsbesøk

Bedriftsbesøk Foto: Iren Hammersvik

Kokk og servitørfag attende etter studietur til La Rochelle.

Den årlege studieturen til La Rochelle i Frankrike er over, og tilbake set elevane på Vg2 Kokk- og Servitørfag med mange og lærerike inntrykk.

 

La Rochelle er ein vakker, gamal og ærverdig hamneby på vestkysten av Frankrike, om lag midt i Biscayabukta. Hovudnæringane i byen er verfts-, fiske og kjemisk industri. Byen byr på mange kulinariske inntrykk med fantastiske smaksopplevingar.

Måløy Vidaregåande Skule har i mange år hatt eit nært samarbeide med skulen Lycée Hôtelier gjennom Erasmusprosjektet, og har nytta denne mogelegheita for å pleie samvær med vår samarbeidspartnar.

 

I løpet av besøket er det mellom anna undervising i korleis franskmennene handsamer fiskeråstoff. Matthieu, som jobbar på den Maritime skulen, heldt som vanleg eit lærerikt fileteringskurs, der elevane fekk prøve seg på filetering av ulike fiskeslag og blekksprut.

 

 

Vi hadde med gåver

Forutan det reint faglege opplegget på samarbeidsskulen, fekk elevane spise i skulerestauranten Fine Dining, der dei fekk servert ein 3 retters lunsj og oppleve flambering av dessert.

Veka gjekk elles med til omvising på matmarknaden i La Rochelle, som byr på eit rikt utval av alle slags råvarer, besøk hos Cognac-huset Hennesy for å lære litt om tilverking, lagring og bruk av cognac i tilberedninga av matrettar, litt seightsing og shopping.

 

Som ein del av Erasmusprosjektet er to av elevane att i La Rochelle og skal være utplassert i lokale restaurantar for å tileigne seg kompetanse om fransk tilberedning av matrettar og lære om fransk matkultur.

 

 

Matthieu

Her er nokre fleire bilete frå besøket (alle foto: Iren Hammersvik):

 

3 rettars lunsj

 

 

 

Kurs i filetering

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Vinkjellaren hos Hennesy

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Eit siste glimt av Frankrike før heimreisa frå Paris

Tips ein ven Skriv ut