Måløy vidaregåande skule
Skuleanlegget sett frå aust

Foto: Frequency AS

Klart for utdanningsval for 9.klassingane

Måndag 2. og tysdag 3. mars tek Måløy Vidaregåande Skule imot om lag 130 elevar som ønskjer ei orientering om studietilbodet ved skulen.

Elevane skal møte i Samfunnshallen for ei felles orientering, før dei går til valt studieprogram for å gjere seg kjende med det tilbodet dei har meldt si interesse for å besøke.

Ettersom den store ombygginga av skulen ikkje vert ferdig før til sommaren, vil det for nokre studieprogram verte vanskeleg å få eit godt inntrykk av korleis deira skulekvardag vil verte. Med nye klasserom og laboratorier for studiespesialiserande, ombygde verkstadar for fleire av yrkesfaga, nye mingleplassar for elevane og ny båt for marine og maritime fag, seier det seg sjølv at Vestland fylke satsar bevisst på dei utdanningsprogramma som Måløy Vidaregåande Skule kan tilby, og elevane sin trivsel.

På grunn av den byggeaktiviteten som føregår på skuleområdet denne våren med ferdigstilling av skulen, samt bygging av ny turnhall ved Nordfjordhallen, ber vi dei besøkande elevane respektere dei avgrensingsgjerde som er sett opp på skuleområdet. Dette er gjort for å ta i vare tryggleiken til dei som ferdast rundt anleggsområdet.

Vi ønskjer alle elevane som kjem på besøk til skulen hjarteleg velkommen til to dagar med god informasjon om skulen og alle utdanningsprogram som skulen vil kunne tilby frå hausten 2021 når desse elevane skal starte i vidaregåande opplæring.

Programma for dei forskjellige utdanningsvala som elevane har gjort, finn du under:

Bygg og Anleggsfag

Helse og oppvekstfag

Informasjonsteknologi og medieproduksjon

Naturbruk

Restaurant og matfag

Studiespesialisering

Teknikk og industriell produksjon, TIP

YSK Akva

YSK Helse

YSK TIP

I media høyrer ein om lag dagstøtt om den skrikande mangelen på faglært arbeidskraft, noko som tyder på at alle mogelegheiter ligg opne for elevane når det gjeld val av framtidig karriere. Tidlegare har nye læreplanar for dei gjennomgåande fellesfaga i grunnskulen og vidaregåande blitt offentleggjorde. Torsdag 27.februar vert dei nye læreplanane for alle VG1 Yrkesfaga offentleggjorde.

Dei nye læreplanane som vert tekne i bruk 1.aug 2020 finn ein her:

Gjennomgåande læreplanar for fellesfaga for grunnskulen og VGO

Nye læreplaner for VG 1 Yrkesfag

Måløy Vidaregåande Skule har som resultat av nettopp den før omtala mangelen på faglært arbeidskraft lokalt, fått tildelt ein nytt utdanningsløp innan VG 1 Informasjonsteknologi og medieproduksjon. Bakgrunnen for dette er at spesielt Lokal Host har arbeidd målretta mot politikarar og skulen for å få dette til.

Som følgje av at det skal takast i bruk nye læreplanar på VG1 frå hausten 2020, ser ein nokre utfordringar med besøket, då dei nye læreplanane for yrkesfaga vart offentleggjorde berre dagar før besøket.

Vi ber om at elevane les programmet for sitt utdanningsval, då det kan være behov for at dei besøkande på enkelte av yrkesfaga tek med varme kle desse dagane p.g.a. bedriftsbesøk eller uteaktivitetar.