1 YSK Helse

1 YSK Helse Foto: Cecilie Bredesen Hamre

Kan du noko om nøkkelsholmerking og brødskalaen?

Det kunne elevane på 1 YSK Helse heller ikkje, men dei fekk bruke butikkhyllene til KIWI som læringsarena.

1YSK Helse var på Kiwi Deknepollen førre fredag for å teste ut og lære meir om nøkkelholsmerking og brødskala, og for å undersøke næringsinnhald i fleire ulike matvarer. Det er andre året elevar frå skulen besøker butikken.

Denne fredagen feira Kiwi seg sjølv med den nyleg mottekne Brubyggjarprisen, og elevane var så heldige at dei fekk ta del i feiringa og fekk seg litt å bite i før vi returnerte til klasserommet.

Vi gratulerer med Brubyggjarprisen og takkar for god mottaking og for å ha fått nytta butikken som læringsarena.

Alle bilder: Cecilie Bredesen Hamre

 

 

Ein kan lett bli distrahert….

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Nøkkelhol, nøkkelhol, kor er du?

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Hmmmm, grønnerter. Då blir det kjøttkaker og grønnertestuing til middag i dag

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Har vi råd til dessert i dag?

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Puhhhh, endå godt at Cecilie ikkje skal ha oss til å vurdere næringsinnhaldet i alt vi kjem over av matvarer….

 

 

 

 

 

Tips ein ven Skriv ut