Maritim avdeling, Måløy Vidaregåande Skule

Maritim avdeling, Måløy Vidaregåande Skule

Jenteleir ombord i Skulebas

Opplæringskontoret for Fiskeri og Havbruk (OKFH) i samarbeid med Måløy vidaregåande skule får ta opp att ordninga med jente- og guteleir om bord i Skulebas.

No er det endeleg lov å arrangere leir om bord i Skulebas igjen, og dette vert gjennomført i veke 40 for jenter og veke 46 for gutar. Opplæringskontoret for fiskeri og havbruksfag (OKFH) stiller med John Heimvik, Monica Venøy Lexau og Freddy Silden. Dei tek med 12 deltakarar på tur for å lære om eit mangfald av bedrifter langs kysten. Deltakarane kjem på besøk ved MVS både onsdag, torsdag og fredag, der m.a. Naturbruk og Restaurant og matfag har laga opplegg for elevane. I tillegg vil Sikkerheitssenteret i Måløy (SIM) stille med redningsøving og simulatorkøyring.  Dette samarbeidet mellom skule og næringsliv håpar vi vil fortsette å syne igjen på søkartal til marin og maritim utdanning samt forpleiingsdelen innan dei same yrka.