Måløy vidaregåande skule
Elevmentorar

Elevmentorar Foto: Bjarne Husevåg

Invitasjon til open skule/foreldrekveld

Måløy Vidaregåande Skule inviterer elevar i 10.klasse, foreldre og tilsette ved ungdomsskulane i Nordfjord til open skule tysdag 22.januar kl 18.00 – 20.00.

Her vil vi presentere utdanningsprogramma og programfaga våre, og elevar og tilsette ved skulen vil gi informasjon og svare på spørsmål.

Program

Felles:

  • Oppmøte i auditoriet i administrasjonsbygget

  • Velkommen, ved rektor

  • Presentasjon Måløy vgs, ved rådgjevar

  • Informasjon om liner, ved rådgjevar

  • Informasjon om rådgjevartenesta, ved rådgjevar

  • Informasjon om open skule for elevar, Drømmeskulen og mentorordninga, ved Miljøkoordinator

Delt:

  • Deling i liner, bolk 1, ved kontaktlærarar og avdelingsleiarar

  • Deling i liner, bolk 2, ved kontaktlærarar og avdelingsleiarar

Mat og aktivitetar etter Framflyt-konferansen

Nokre av våre kjekke elevar arrangerer konferansen Framflyt denne dagen, og mange av 10. klasse-elevane vil då allereie vere hos oss.

Derfor vil vi invitere dykk til å vere igjen etter konferansen er slutt, få gratis mat og vere med på aktivitetar fram til open skule/foreldrekveld startar kl. 18.00. Dersom du ønskjer å vere med på dette etter konferansen, så ber vi om at du sender oss ei påmelding til glenn.paris@sfj.no

Påmeldinga gjeld kun for dei som vil vere igjen etter konferansen, du treng ikkje gi noko tilbakemelding om du berre har lyst til å komme på open skule/foreldrekveld kl. 18.00

Invitasjon til 10.klasingane.

Tips ein ven Skriv ut