Illustrasjonsbilde

Illustrasjonsbilde Foto: Bjarne Husevåg

Inntaket til vidaregåande opplæring: Dei fleste får fyrstevalet sitt.

3523 søkjarar til vidaregåande opplæring får i dag tilbod om skuleplass på programområdet dei hadde som fyrsteval. Det er 87 prosent av alle søkjarane med ungdomsrett.

– Også i år kan vi tilby majoriteten av dei unge det opplæringstilbodet dei har som førsteprioritet. Det er svært gledeleg, seier Tor-Einar Holvik Skinlo, assisterande fylkesdirektør for opplæring i Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Andreinntaket kjem 28. juli

Til saman har 4347 søkt om skuleplass i Sogn og Fjordane skuleåret 2017–2018. Av desse har 4061 ungdomsrett. Dei som ikkje får tilbod om plass i fyrsteinntaket eller ikkje kjem inn på førstevalet sitt i denne omgangen, får ein ny sjanse i andre inntaket 28. juli.

43 søkjarar får i år tilbod om vidaregåande opplæring i andre fylke. Det gjeld søkjarar som har rett til opplæring i nabofylke gjennom Hordalandsavtalen, og søkjarar til tilbod som vi ikkje tilbyr i vårt fylke.

270 ledige skuleplassar

Etter fyrsteinntaket er det om lag 160 søkjarar med ungdomsrett som ikkje har fått tilbod om skuleplass. Søkjarar med ungdomsrett som ikkje har fått tilbod om skuleplass, vil få tilbod i andre inntaket eller etter at skulane tek over inntaket frå 14. august. Det er om lag 270 ledige skuleplassar i fylket, om lag halvparten av desse er på vg2.

Alle søkjarar utan ungdomsrett står på venteliste og kan bli tekne inn til ledige plassar etter at skulane har teke over inntaket frå 14. august.

Ved Måløy Vidaregåande Skule er alle VG1 klassene fylt opp, og det er varierande ventelister. Rektor Åsta Navelsaker Røed ved Måløy Vidaregåande Skule seier at det er svært gledeleg å sjå at så mange elevar har kome inn på fyrstevalet sitt. Skulen har svært god oppfylling ved dei ulike utdanningsprogramma, og det er spesielt gledeleg å sjå ein auke i søknadane til  naturbruk, akvakultur og fiske og fangst.

Den vidare tidsplana for inntaket til vidaregåande skule

•13. juli: svarfrist fyrste inntak
•28. juli: melding om andre inntak
•4. august: svarfrist andre inntak
•14. august: skulane tek over inntaket
•21. august: skulestart

 

Tips ein ven Skriv ut