Måløy vidaregåande skule
Illustrasjonsbilde

Illustrasjonsbilde

Inntaket til skuleåret 2021/2022.

1. inntaket er no gjennomførd og meldingar er sendt ut frå fylkesadministrasjonen i Vestland Fylke.

Korleis vert det informert om inntaksresultatet

Ved 1. inntaksomgang får alle søkjarar melding om at inntaksresultatet er klart, på SMS eller i brev. Alle som har opplyst mobilnummer får SMS, medan dei som ikkje har opplyst mobilnummer får skriftleg melding.

Ved 2. og 3. inntak er det berre dei som får nye tilbod om plass (ikkje ved endring i ventelisteplass) som får SMS/brev.

Når inntaket er klart loggar søkjaren seg inn på www.vigo.no for å sjå resultatet. Det er også på vigo.no søkjaren skal svare på tilbod om plass/ventelisteplass.

Merk at søkjaren kan logge seg inn på vigo.no og sjå resultatet sjølv om det ikkje er mottatt SMS.

Dersom søkjar har fått nytt mobilnummer etter at søknaden blei registrert, må nytt mobilnummer leggast inn på vigo.no. Ta også kontakt med MinID slik at passord til vigo.no blir sendt til det nye nummeret.

Dei som ikkje har opplyst mobilnummer vil få skriftleg melding om inntaksresultatet. Dei skal og svare på tilbodet på vigo.no.

Korleis svare på inntaket

I perioden 1. mai til 30. juni kan søkjaren gå inn på vigo. no og registrere svaret sitt. På dette tidspunktet veit ein ikkje kva tilbod ein får, men det er likevel betre å svare Ja til plass og Ja til venteliste enn å miste plassen på grunn av manglande svar.

I den ordinære svarperioden i juli kan eleven likevel gå inn og endre svaret sitt dersom ein ønskjer det.

Dersom søkjar har fått plass på første ønskje må ein svare Ja eller Nei til om ein tar imot plassen. Merk at søkjaren då ikkje kan stå på venteliste til lågare ønskjer.

Svarar søkjar Nei til plassen som er på ønskje 1, står han/ho utan plass i offentleg vidaregåande skule. Lågare ønskjer er då uaktuelle sidan søkjar fekk tilbod om plass på første ønskje sitt.

Dersom søkjar ikkje har fått plass på første ønskje, men på eit lågare prioritert ønskje, skal ein svare Ja eller Nei til om ein tar imot denne plassen. Dessutan skal søkjar svare Ja eller Nei til om ein framleis ønskjer å stå på venteliste. Merk at ein sjølvsagt kan svare Ja til plass og Ja til venteliste. Dersom søkjar ikkje har fått plass, må ein svare Ja eller Nei til om ein framleis vil stå på venteliste. Svaret ein gir gjeld for alle ønskja der søkjar står på venteliste.

Søkjaren kan endre svaret sitt så mange gongar han/ho ønskjer heilt fram til svarfristen går ut.  Utan svar etter 1. inntaksomgang blir søknaden ikkje med i 2. og 3. inntaksomgang.

Ved 3. inntaket treng ein berre registrere NEI-svar. Dersom søkjar tar imot plassen kan ein gjerne svare JA, men det viktigaste er at eleven møter på skulen første skuledag til oppgitt tidspunkt.

Svarfristar

Det er svarfristar på dei tre inntaksomgangane.

  • Første inntak er 8. juli med svarfrist 16. juli
  • Andre inntak er 22. juli med svarfrist 30. juli
  • Tredje inntak er 5. august og du svarar Ja til tilbod ved å møte på skulen første skuledag

Vi anbefaler at søkjar registrerer svaret sitt på vigo.no så snart inntaksresultatet er klart. Skiftar søkjar meining kan svaret endrast før svarfristen går ut. Merk at dersom ikkje svarfristen blir halden vil søknaden bli stoppa, og søkjar mister tilbod om plass eller venteliste.

Dersom fleire søkjarar står likt i konkurransen om den/dei siste plassane, blir det brukt maskinell loddtrekning for å avgjere kven som får tilbod om plass og kven som blir første på ventelista.

Endring i ventelisteplassering

Vi gjer merksame på at opplyst ventelisteplassering kan bli endra til høgare nummer ved ein seinare inntaksomgang. Hovudgrunnane til dette er at søkjarar har fått medhald i klagebehandling av karakterar, eller at nye søkjarar har flytta til Vestland saman med føresette i inntaksperioden. Endring i ventelisteplassering «feil veg» skjer sjeldan, og som oftast til utdanningsprogram/programråde med høg nedre poenggrense og få plassar.

Dersom søkjar ønskjer å stryke eitt eller fleire ønskje frå ventelista, kan ein ta kontakt med Inntak på e-post. Vi kan ikkje registrere slike ønskje over telefon, og ønskje kan berre strykast dersom søkjar har fått eit skuletilbod etter 1. inntaksomgang.

Ikkje fått skuleplass etter 2. inntaket

Alle søkjarar med ungdomsrett vil få eit tilbod om plass før skulestart.

Venteliste og inntak etter skulestart

Etter skulestart står søkjarane framleis på venteliste og vil bli tatt inn dersom det blir ledige plassar. Blir det ledig plass tar skulen som eleven får plass ved kontakt med eleven. Den vanlegaste grunnen til at det blir ledige plassar er at elevar ikkje møter til skulestart. Frå 1. september er inntaket formelt avslutta, og ventelisteplassering vil ikkje lenger gjelde. Skulen kan då ta inn elevar uavhengig av tidlegare venteliste.

Det har inga hensikt å møte direkte på skulen for å få plass ved skulestart. Skulane skal følgje ventelista heilt fram til 1. september.

For meir informasjon, sjå https://www.vestlandfylke.no/utdanning-og-karriere/elev/

Har du spørsmål om inntak ?

Ring 51207117 Telefontid: 12.00-14.00 måndag til fredag

Send e-post: inntak@vlfk.no