Måløy vidaregåande skule/Opplæringstilbod/Informasjonsteknologi og medieproduksjon/Informasjonsteknologi

Informasjonsteknologi

Går du med ein draum om å jobbe i ei IT verksemd?

Vg2 informasjonsteknologi handlar om å rettleie brukaren i å bruke sikre og brukarvennlege IT-løysningar og å utvikle slike løysningar. Programfaga skal bidra til at elevane får forståing for korleis informasjonsteknologi kan brukast og misbrukast, og korleis løysningar kan beskyttast mot truslar og innsyn. Kunnskap om informasjonstryggleik, lovverk og brukaren sine behov kan imøtekomme arbeidslivets og samfunnets behov for sikre og brukarvennlege løysningar.

Alle fag skal bidra til å realisere verdigrunnlaget for opplæringa. Vg2 informasjonsteknologi skal bidra til å gi elevane kunnskap om teknologi og kva etiske problemstillingar og roller teknologien representerer i samfunnet. Programfaga skal legge til rette for engasjement og skaparglede, stimulere til utforskartrong og bidra til at elevane får erfaring i å sjå mogelegheiter og omsette idear til handling. Gjennom arbeid med algoritmisk tenking, problemløysingsstrategiar og utviklingsprosessar legger programfaga til rette for å utvikle kritisk tenking, kreativitet, sjølvstende og uthaldenheit i arbeidet.