![ITmedia2[1]](https://img4.custompublish.com/getfile.php/4784189.2344.zkuis7pktklta7/720x0/6274975_4784189.jpg)
IT eller Media?
VG1 Informasjonsteknologi og medieproduksjon
Går du med ein draum om å jobbe i ei IT verksemd, eller styre kamera i eit TV studio? Eller har du lyst til å jobbe med grafisk design?
Når du er ferdig utdanna kan du jobbe i IT- verksemder, mediebedrifter, reklamebyrå eller forlag, for å nemne noko.
Du vil blant anna lære meir om IT-tryggleik, programmering og brukarstøtte. Du får også prøve å sette opp datanettverk, og lage nettsider frå botnen.
Er du god til å fortelje historier? Vil du jobbe med tv, foto, film og grafisk design? Her ved Måløy vidaragåande skule vil du lære korleis du kan arbeide med å utvikle dei gode ideane dine. Idear du kan vidareutvikle til heile konsept direkte for kunden. Her lærer du å jobbe med utfordringar på ein kreativ måte.
Samstundes får du gode og unike arbeidserfaringar, fordi vi jobbar med fleire prosjekt i tett samarbeid med næringslivet.
Du bør vere:
- kreativ
- interessert i IT, nettverk og programvare
- interessert i visuelle uttrykksformer
- nøyaktig
Du kan bli:
- IT-utviklar
- IT-driftstekninkar
- Mediedesignar
- Medieteknikar
- Medieprodusent
Les meir på vilbli.no