Måløy vidaregåande skule
Møtedeltakarane

Møtedeltakarane Foto: Bjarne Husevåg

Informasjonsmøte om nytt opplæringsfartøy

Torsdag 2. mai samla styringsgruppa for nytt opplæringsfartøy næringslivet til ein presentasjon av prosjektet.

Møtet samla deltakarar frå utrustningsbedrifter, konstruksjonsselskap, brukarane (i første omgang Måløy Vidaregåande Skule og Fagskulen i Sogn og Fjordane avd Måløy) og administrasjonen i Sogn og Fjordane Fylkeskommune

  Rektor v/Måløy vidaregåande skule ønskte velkommen til informasjons- og innspelsmøte i høve til bygginga av nytt Opplæringsfartøy. Styreleiar Ottar Aare  i Opplæringsfartøy AS presenterte prosjektet og fylkestingvedtaket om investeringa. Etter presentasjonen blei det opna for diskusjon og innspel til prosjektet. Deltakarane på møtet fekk komme med kommentarar og innspel om konstruksjonen, framdriftssystem, bruksområder, utstyr, innreiing og elles anna som dei såg kunne være med å skreddarsy fartøyet til den bruk som ligg til grunn for prosjektet og redusere kostnadane ved bygginga og utrustninga.

 

Etter presentasjonen og innspela frå dei frammøtte, hadde styringsgruppa møte på Måløy Vidaregåande Skule der ein diskuterte vegen vidare. Styringsgruppa med leiar Jan Tore Rosenlund og rektor Åsta Navelsaker Røed i spissen var godt nøgde med møtet, og innspela som kom, vart notert og vil være med i det vidare arbeidet fram mot realisering av prosjektet.

På bildet f.v.: Bygg og eigedomssjef Jan Tore Rosenlund, Rektor MVS Åsta Navelsaker Røed, Assisterande opplæringsdirektør Tor-Einar Holvik Skinlo, Styreleiar Opplæringsfartøy AS Ottar Aare, Dagleg leiar for Skulebas, Knut Olav Bjørnholm og Avdelingsleiar Maritim avd. og SIM Eivind Birknes.

 

Prosjekt Nytt Skulefartøy kan sjåast her:

Prosjektpresentasjon

GA plan

Tips ein ven Skriv ut