Måløy vidaregåande skule
Måløy Vidaregåande Skule

Måløy Vidaregåande Skule

Ikkje koronavirus ved Måløy Vidaregåande Skule.

Etter at rektor fekk melding om at ein elev var heime med influensaliknande symptom, vart resten av klassa sendt heim som eit tryggleikstiltak, då skulen fekk opplyst at eleven hadde vore i Italia.

Etter kontakt med smittevernlegen i Kinn og eleven si familie, viser det seg at eleven ikkje har vore i eit område ramma av koronaviruset, og den interne beredskapen ved skulen er trappa ned.

Skulen har siste veka gjennomførd ei beredskapsplan der rektor får rapport kvar morgon om fråvær av elevar og tilsette og spesielt om dette har influensaliknande årsaker. Ved mistanke om at det kan være koronavirus, kan difor elevane som eit tryggingstiltak, bli sendt heim. Med om lag 400 personar som arbeider tett i lag, ønskjer skulen ikkje å ta unødige riskar med omsyn til spreiing av eventuell smitte, og arbeider etter føre var prinsippet.

Rektor Åsta Navelsaker Røed beklagar dersom nokon er urolege og føler seg utrygge etter hendinga, men ønskjer å presisere at tryggleiken til elevar og tilsette har høgste prioritet.

Hendinga viser at den førebelse beredskapsplana virkar, men at det er rom for justeringar. Beredskapsplana er under stadig revisjon, og etter dei siste meldingane om stengde skular, er ein no i gang med å lage eit opplegg for nettbasert undervising om skulen skulle kome i den situasjonen at den må stenge p.g.a. smittefare.