Inga Bjørnseth, Turid Blålid, Kim Hjelle og Morten Hagen

Inga Bjørnseth, Turid Blålid, Kim Hjelle og Morten Hagen Foto: Bjarne Husevåg

Hybelinformasjonsmøte

Tysdag gjennomførde Måløy Vidaregåande Skule eit informasjonsmøte med hybelbuarane ved skulen.

Det møtte om lag 35 hybelbuarar, som ved  møtestart fekk servert pizzaboller i og med at møtet også brukte ein del av lunsjpausen til elevane. Agendaen for møtet var å orientere hybelbuarane om kva helsetilbod som eksisterer for unge i Vågsøy  Kommune, om branntryggleik for hybelbuarane og om politiet sine oppgåver og tilbod. Det heile vart organisert av miljøkoordinator Inga Bjørnseth, med god hjelp av Helsesjukepleiar Turid Blålig, Brannsjef Kim Hjelle og Politikontakt Morten Hagen.