Bjørn Grønevik frå Havkar

Bjørn Grønevik frå Havkar

HMS-dag for naturbruksavdelinga

Fiskeri- og akvakulturnæringa har store utfordringar med tanke på uhell og ulykker.

Galleri

Robert Ervik
Robert Ervik
Bjørn Grønevik
Bjørn Grønevik
Arve Martin Husevåg
Arve Martin Husevåg

Som ein del av HMS-dagen for klassene Vg1 YSK Akva, Vg1 Naturbruk, Vg 2 YSK Akva, Vg 2 Akva og Vg 2 Fiske og fangst, fekk elevane 14. september besøk av tre representantar frå dei som jobbar i næringa og veit kvar skoen trykker. For å førebu elevane på det som ventar dei ute i bedriftene, fekk vi høyre engasjerande føredrag frå Arve Martin Husevåg frå Mowi, Robert Ervik frå Ervik Havfiske og Bjørn Grønevik frå Havkar Drift.

Dei snakka om generell HMS, moglege farar, risikoanalyse, sikker jobbanalyse, internkontroll, førebygging mm. Elevane fekk stille spørsmål og komme med tankar rundt HMS. Elevane har ulik erfaring frå fiskeri og oppdrett, men målet er at alle skal kjenne til HMS-rutinar på praksisstaden og internkontrollen.

Vi er svært takksame for at vi har gode sparringspartnarar i næringslivet som tek seg tid til å komme og vere i lag med oss for å jobbe mot eit felles mål: færre skader i oppdrett og fiskeri. Takk til Mowi, Havkar Drift og Ervik Havfiske for ein fin dag.

Alle foto: Kariann Myklebust Fagerli