Måløy vidaregåande skule
Ei lydhøyr forsamling

Ei lydhøyr forsamling

Heim i haust.

Alle VG1 klassene ved Måløy Vidaregåande Skule var samla til ei orientering om framtidig yrkesval i Parken Kulturhus på Raudeberg.

Galleri

Iselin Husevåg og Frode Kvalheim frå Opplæringskontoret for helsefag
Iselin Husevåg og Frode Kvalheim frå Opplæringskontoret for helsefag
Rune Apneseth frå Opplæringskontoret for transportfag og logistikk
Rune Apneseth frå Opplæringskontoret for transportfag og logistikk
Mads Frantzen frå Team Aut. Trafikkskole
Mads Frantzen frå Team Aut. Trafikkskole
Monica Venøy Lexau frå Opplæringskontoret for  fiskeri og havbruk og Inger Vedvik Nygård, fungerande avdelingsleiar Fagskulen i Sogn og Fjordane
Monica Venøy Lexau frå Opplæringskontoret for fiskeri og havbruk og Inger Vedvik Nygård, fungerande avdelingsleiar Fagskulen i Sogn og Fjordane
Fingermat i porsjonspakkar
Fingermat i porsjonspakkar

Arrangøren Aktiv Raudeberg har lagt ned eit solid stykke arbeid for å presentere næringslivet i nordre del av Kinn kommune, og opplæringsmogelegheitene for elevane som nett er starta på vidaregåande skule. Gjennom dei inviterte Opplæringskontora og lokale lærebedriftene fekk elevane ei orientering frå næringane om kva mogelegheiter dei har innan dei yrka som desse opplæringskontora og det lokale næringslivet tilbyr. Då er det og greitt at det er kjende lokale næringslivsaktørar og lærlingar med bakgrunn frå Måløy Vidaregåande Skule som stiller opp som foredragshaldarar.

Grunna Koronapandemien var det sett i verk tiltak som gjorde at minglinga, som ein vanlegvis har hatt på arrangementet, i år ikkje vart gjennomførd, men opplæringskontora og dei andre foredragshaldarane stilte pausetida til rådevelde for spørsmål. Matserveringa var i år fingermat tillaga og pakka i porsjonspakkar av Vg1 Restaurant og matfag ved Måløy Vidaregåande Skule.

Det er klart at Koronapandemien set klare avgrensingar på slike arrangement, og morosame kommentarar sat litt laust. For oss som har lagt ungdomstida bak oss, var det likevel ein oppleving at det var «Gamlelensmannen» som stod i inngangsdøra til Kulturhuset og passa på at alle fekk sin porsjon med «sprit» før dei gjekk inn…..

Konferansier var leiar ved Opplæringskontoret for fiskeri og havbruk John Heimvik.

Etter pausa var det Opplæringskontoret for Anleggsfag og bergverk ved Jan Erik Øygard og Måløy Academy ved Sindre Kvalheim som fekk høve til å presentere sine opplæringstilbod.

På vegne av elevane på VG1 takkar vi Aktiv Raudeberg for arrangementet.