Måløy vidaregåande skule
087

Gradvis nedtrapping av smitteverntiltaka ved Måløy vidaregåande skule.

Deler av elevmassa får delvis tilgang til skulen frå den 27. april. Dette gjeld dei yrkesfaglege klassene på Vg 2 og Vg 3.

Etter påske startar arbeidet opp med planlegging av korleis dette skal gjennomførast innanfor dei rammene som regjeringa har sett. Målsetjinga er at dei yrkesfaglege klassene som har vore utan praksisopplæring, no skal få høve til å ta att ein del av det tapte. Det er nokre avgrensingar som må avklarast, før ein går ut med detaljerte planer for korleis undervisinga vert gjennomførd. Klassene dette gjeld hos oss er:

Vg 2 Byggteknikk                   Vg 2 Køyretøy            Vg 2 Maritime fag

Vg 2 Fiske og fangst              Vg 2 Akva                   Vg2 Kokk og servitør

Vg 2 Barne og Ungdomsarbeidar                              Vg 2 YSK Helse og YSK Akva

Dette betyr då at elevane held fram med undervisning via digitale plattformar, mens elevar innan yrkesfag på Vg3 vil få undervisning på skulen frå 27. april. Også elevar på yrkesfag Vg2 kan få undervisning på skulen, dersom dette kan gjerast på ein smittevernfagleg forsvarleg måte. Elevane skal få nærare informasjon om dette i god tid før oppstart.

For alle Vg 1 elevane på yrkesfag, samt alle elevane på studiespesialisering, vert nettundervisinga oppretthalden inntil vidare. Det er varsla at ny vurdering av tilbodet til desse elevane skal gjerast i byrjinga av mai månad.

Så sant helsevesenet ser at ein framleis har kontroll på smittespreiinga, er det tanken at alle elevane på ein eller anna måte skal inn om skulen før sommarferien.

Bakgrunnen for denne tilrådinga er ekspertgruppa sin rapport til regjeringa:

https://www.udir.no/contentassets/2375556970d048d09ab773e0892800ff/tiltak-pa-skole--og-barnehageomradet-under-koronautbruddet-varen-2020.pdf