Måløy vidaregåande skule
bua 1024

Går du rundt og ikkje veit kva du skal ta deg til i sommar?

Kinn kommune i samarbeid med Frivilligsentralen i Vågsøy har diverse gratis aktivitetar for ungdom 13+ på tysdagane frå veke 25 – veke 32.

Ein kan dessutan låne diverse utstyr frå BUA. BUA er en nasjonal ideell organisasjon som jobbar for at barn og unge skal få mogelegheit til å prøve fleire og meir varierte aktivitetar. Det gjer dei ved å gjere det enklare for deg å låne utstyr til sport og friluftsliv.

I Måløy finn du Utstyrssentralen i Måløy (BUA) ved ASVO på Kulen.

BUA Måløy er ope onsdagar frå 13:15 til 15:00. Utanom opningstider er ikkje konteinaren betent; du må ta kontakt med BUA Måløy på e-post buamaloy@kinn.kommune.no om du har spørsmål.

Du finn oversikt på utstyr du kan låne på BUA sine heimesider. Dei har no i starten eit avgrensa utval. Sjå kva utstyr du kan låne ved BUA Måløy her

Dersom du skal låne utstyr må du registrere deg som lånar før du kjem for å hente utstyr – dette gjer du enkelt på www.bua.io – trykk på «logg inn» og følg instruksjonane for å registrere deg som ny lånar. Om du treng hjelp med registrering ta kontakt med buamaloy@kinn.kommune.no.

Elles har Frivilligsentralen i Vågsøy laga ei brosjyre over planlagde gratis sommaraktivitetar for ungdom på heimesida si

Programmet for gratis aktivitetar for ungdom 13+ finn du her.