Måløy vidaregåande skule
Her er alle vekas stadier samla på eit bilde: Nokon held maska, nokon er betenkte, nokon ber til høgare makter og nokon er oppgitte….  Skjermdump frå fellesmøte i Teams.

Her er alle vekas stadier samla på eit bilde: Nokon held maska, nokon er betenkte, nokon ber til høgare makter og nokon er oppgitte…. Skjermdump frå fellesmøte i Teams.

Fyrste veka med nettundervisning gjennomførd.

Det har vore ei noko merkeleg veke, der kontakta med elevane har vore via PC skjermen.

For dei aller, aller fleste har dette vore ei ny erfaring og lærekurva har vore bratt, om lag like bratt som talet på permitterte i Noreg. Men kom ikkje å sei at omstillingsevna hos elevane og lærarane ikkje er på topp. Sjølv dei mest optimistiske anslaga over deltaking og frammøte til undervisinga er blitt gjort til skamme. Meldinga frå kollegiet tyder på 99,99 % frammøte (d.v.s. at elevane har logga seg på undervisingstimen), deltakinga i undervisinga er eksemplarisk, sjølv dei som vanlegvis er stille og rolege i klasseromma stiller spørsmål og deltek i diskusjonar, og arbeidsoppgåver vert levert som perler på ei snor. Lærarane har endra undervisingsplaner, teke i bruk nye undervisingsformer, tilpassa klasseromsundervisinga til nettbasert undervising, delt verktøy og drive vaksenopplæring i kollegiet i bruk av desse. Nettopp for å prøve å gi elevane mest mogeleg utbyte av undervisinga.

Dei største problema vi har hatt fyrste veka (utanom dei mest pratsame som ikkje alltid kjem til orde sidan vi som lærarar kan dempe mikrofonen deira), er at nokre elevar slit med nettilkoplinga. Det er ikkje alle stader som har eit like godt utbygd nett, korkje via fasttelefon, fiber eller mobilnett. Og dette medfører at improvisasjonskunsten vert utfordra hos både elevar og lærarar. Og det må seiast at dei fleste av elevane held oppe eit høgt læringstrykk. Nokre opplever at det vert lange dagar utan både skule og fritidsaktivitetar. Men det som let  mest som musikk i våre øyrer er at elevane SAKNAR skulen, klassa OG lærarane.

Dei restriksjonane som den siste vekene har blitt innførde for å hindre smittespreiing, har og påverka både dei faglege og sosiale aktivitetane som fleire av elevane har sett fram til. Det er vel nok å nemne avlyste studieturar, utplasseringar, russefeiring og Lofotfiske med Skulebas. MEN, miljøkoordinator Anne Grethe gjer sitt beste for å dra i gang sosiale aktivitetar for elevane via nett og telefon, samt å være tilgjengeleg på telefon for dei som treng nokon å prate med. Det er i slike situasjonar ein verkeleg får augo opp for kor stor betydning miljøkoordinatorane har for elevane og trivsel og psykiske helse.

Det som kvar og ein av oss må vere litt oppmerksame på er å oppretthalde ein form for fysisk aktivitet. Det er ikkje tilstrekkeleg å springe frå PC’en og ut i matskuffa hennar mor to gonger for dag. Kanskje er tida inne for å overraske det kjødelige opphavet ved å  ta ein spasertur til butikken og handle nokre småting. Er du heldig kan det hende det er andre ute i same ærend. Men husk Ikkje nærare enn 1 meter…

Det er klart at det og er foreldre og føresette som er bekymra for korleis denne ekstaordinære situasjonen påverkar elevane og vidare skulegang. No er det framleis ei stund fram til eksamen, og vi veit at diskusjonen går om det er mogeleg å arrangere ein alternativ eksamen for avgangselevane. Denne veke skal styresmaktene vurdere den vidare stenginga av skulane, og inntil ei slik avgjerd er teken, er det sagt at ein standpunktskarakteren er tilstrekkeleg dokumentasjon for opptak til neste års studie. Det er samstundes gjort endringar i forskrifta slik at standpunktskarakter skal kunne setjast sjølv om eleven har over 10 % fråvær.

Det mest gledelege er at det pr i dag (måndag 23. mars) ikkje er registrert smitte, korkje i Kinn kommune eller hos nokre av elevane eller tilsette ved Måløy Vidaregåande Skule. Men vi let oss ikkje lure til å tru at dette går over sånn utan vidare. No er dei aller fleste elevane heime, og har familie som ser til dei. Nokre elevar har frivillig valt å gjere ein innsats gjennom sine praksisplassar på sjuke- og gamleheimar, og i den samanheng vert nokre av dei buande på hybel (dette gjeld YSK Helse elevar på alle årstrinn). Men både arbeidsgivar og skulen føl opp desse hybelbuarane spesielt.

Om elevar og føresette ønskjer å ta kontakt med skulen, uansett grunn, kan ein ta kontakt med kontaktlærarane, avdelingsleiarane eller rektor. Miljøkoordinator er og tilgjengeleg.

Til slutt i denne vekerapporten passar det å ta med det rådet som fleire psykologar har gitt om korleis vi skal takle den situasjonen vi er oppe i: Gjer ditt beste for å oppretthalde normale rutinar og for all del unngå joggebuksemodusen.

Med dette ønskjer vi elevane, føresette, tilsette, kollegaer utover land og strand ei retteleg god veke. Ta vare på dokke sjølve og dei næraste, og føl dei tilrådingane som Folkehelseinstituttet og sentrale og lokale myndigheter kjem med.

Kontaktinformasjon leiargruppa:

Funksjon

Namn

Epostadresse

Mobil

Rektor

Åsta Navelsaker Røed

asta.navelsaker.roed@vlfk.no

415 30 837

Avdelingsleiar STA-YSK-TIP-BY

Helge Hjertenes

helge.hjertenes@vlfk.no

481 58 528

Avdelingsleiar RMA

Helen Hjertaas

helen.hjertaas@vlfk.no

415 30 832

Avdelingsleiar HO-NAT

Alf Reidar Myrstad

alf.reidar.myrstad@vlfk.no

909 62 632

Avdelingsleiar Maritim

Eivind Birknes

eivind.kare.birknes@vlfk.no

976 72 355

 

Kontaktinformasjon Miljøkoordinator:

Miljøkoordinator

Anne Grete Gjerde Nygård

anne.grete.gjerde.nygard@vlfk.no

969 42 529

 

Et bilde som inneholder overvåke, TV, innendørs, foto

Automatisk generert beskrivelse 

Men alt ordna seg til slutt….