Måløy vidaregåande skule
2.premie for beste HR bedrift: Smak av verden UB

2.premie for beste HR bedrift: Smak av verden UB Foto: Iren Hammersvik

Fylkesmessa for ungdomsbedrifter

Denne veka har ungdom frå heile Sogn og Fjordane konkurrert om å verte Beste Ungdomsbedrift 2017. Måløy Vidaregåande hadde med tre grupper.

Måløy Vidaregåande hadde tre ungdomsbedrifter som deltok på fylkesmessa for ungdomsbedrifter i Førdehuset. Dette var Smak av verden UB, La nature gourmet UB og UB Framflyt.

Det vart vist mange gode produkt, tenester, utstillingar og innovative nisjeprodukt for både nasjonale og internasjonale marknader.

Den store vinnaren i år og kåra til beste ungdomsbedrift var ShoeSaver frå Årdal. Denne ungdomsbedrifta skal representere Sogn og Fjordane fylke i Noregsmeisterskapen på Lillestrøm i mai.

Våre eigne ungdomsbedrifter tok heim to prisar. Smak av verden UB fekk 2.plass i klassa for beste HR bedrift, og 2.plass i klassa for Beste teneste. La nature gourmet UB og UB Framflyt nådde diverre ikkje opp på premieplassane denne gangen, men fekk heiderleg omtale frå juryane.

Her er nokre stemningsbilder frå konkurransen

.

 

 

 

 

 

 

Smak av verden UB på stand

 

 

 

 

 

 

 

 

 

La nature gourmet UB

 

 

 

 

 

 

 

UB Framflyt

 

 

 

 

 

 

Smak av verden UB

 

 

Resultatet frå fylkesmessa for ungdomsbedrifter finn du her

Skulen er godt nøgde med resultata som er nådd, og oppfordrar fleire klasser til å starte og drive ungdomsbedrift.

Tips ein ven Skriv ut