Smak av verden UB

Smak av verden UB Foto: Iren Hammersvik

Fylkesmessa for Ungdomsbedrifter

Tysdag 14.mars vert den årlege fylkesmessa for Ungdomsbedrifter arrangert i Førdehuset.

Tysdag 14. mars 2017 vert entreprenørskapsungdom frå heile Sogn og Fjordane invitert til Førdehuset og Fylkesmessa 2017. Arrangør er Ungt Entreprenørskap i Sogn og Fjordane. Her får elevane mogelegheita til å treffe andre som driv bedrift, bygge nettverk, møte lokalt næringsliv og delta i konkurransar arrangert av Ungt Entreprenørskap.

Ved årets fylkesmesse kan ein melde seg på i desse klassane:

1.   Beste marknadsføringstiltak

2.   Beste utstilling

3.   Beste produkt

4.   Beste teneste

5.   Beste forretningsplan

6.   Innovasjonsprisen

7.   Beste ungdomsbedrift

8.   Klima og miljøprisen

9.   Beste sosiale entreprenørskapsprosjekt

10. Beste rekneskap

11. Beste HR bedrift

 

Frå vår skule vil Ungdomsbedriftene Smak av verden UB frå VG1 Restaurant og matfag og La Nature Gourmet UB frå VG2 Kokk og servitør delta. Dei skal stå på kvar sin stand, presentere bedrifta si og sin forretningside. Dessutan vil UB Framflyt frå 3 STA delta.

Smak av verden UB har meldt seg på i desse klassane :

Beste Marknadsføring

Beste Produkt

Beste Tjeneste

Beste HR bedrift

Ungdomsbedrifta har produsert opp røykelaks, kjøttbollar med smak av verden og konfektkake som skal serverast som smaksprøve på standen.

Smak av verden UB sin forretningside:

Smak av Verden ber preg av det internasjonale og består av elevar frå både inn - og utland og frå ulike verdsdelar. Vi ønsker å vise mangfald av vår mattradisjon, utvikle nye rettar og bringe ulike smakar av verden ut til lokalsamfunnet vårt

 

La nature gourmet UB har meldt seg på i klassa

Beste Marknadsføring.

Dei skal servere Grønnsaker naturell med dip.

La nature gourmet UB sin forretningside:

La nature gourmet UB har som forretningside at vi skal bruke lokale, naturlige råvarer i maten som vi lager.

UB Framflyt er meld på i klassene:

Beste utstilling

Beste ungdomsbedrift

 

Program for Fylkesmessa.

Konkurransereglar

Vi ønskjer alle ungdomsbedriftene lykke til på Fylkesmessa.

Tips ein ven Skriv ut