Foto av ein lærar og tre elevar eller lærlingar som står rundt eit bord og ser på noko elektronikk. Biletet er teke i ein slags verkstad, og læraren viser fram og forklarar.

Illustrasjonsfoto: Charlotta Wasteson/www.flickr.com

Fylkesmeisterskapet i yrkesfag 2017

Sogn og Fjordane-meisterskapet i yrkesfag går av stabelen på Mo og Øyrane vidaregåande skule 16. februar.

Det skal konkurrerast i ikkje mindre enn 18 fag i Førde denne dagen. Konkurransen er open for publikum, og elevar i åttande-, niande- og tiandeklasse er spesielt inviterte til å kome og sjå faga utført i praksis.

Dette er eit godt høve til å sjå yrkesfag utførte i praksis og så ei orientering om faga. Alle deltakarane har fått utlevert oppgåvene på førehand og har fått god tid til å førebu seg. Elevane ved Mo og Øyrane skal vere guidar på skulen og fortelje om faga denne dagen. Det vert også ein fagleg kahoot for både elevar og besøkande.

Program for dagen

Kl. 09.00 – Opning i kantina
Kl. 09.30 – Konkurransane startar – gjennomgang av maskiner og utstyr på alle stasjonar
Kl. 13.30 – Konkurransane sluttar
Kl. 14.00 – Premieutdeling i kantina

Det vert konkurransar i desse faga

  • Tømrar (Vg2)
  • Anleggsmaskinførar (Vg2)
  • Maskinering (Vg2)
  • Sveising (Vg1+Vg2)
  • Industriteknikk (Vg2)
  • Lette køyretøy (Vg2)
  • Bilskade (Vg2)
  • Eletriker (Vg2)
  • Yrkessjåfør (Vg2)
  • Salg (Vg2)
  • Barne og ungdomsarbeidarfag (Vg2)
  • Helsefagarbeidarfag Vg2)
  • Kokkfag (Vg2)
  • Servitørfag (Vg1)
  • Automasjon (Vg2)
  • Design (Vg1/Vg2)
  • Industriell møbel (Vg2)
  • Dataelektronikar / Data og elektronikk (Vg2)

Fylkeskommunen arrangerer meisterskapet saman med World Skills Norway, som arbeider for å auka statusen til, interessa for og kvaliteten på norsk yrkesutdanning. NHO, LO, KS og Utdanningsdirektoratet er blant dei som står bak organisasjonen.

For påmelding og meir informasjon, ta kontakt med pedagogisk leiar Laila Nydal – laila.marie. nydal@sfj.no.

Tips ein ven Skriv ut