Måløy vidaregåande skule
Vinnarlaget  Helsearbeidarfaget

Vinnarlaget Helsearbeidarfaget Foto: Ida Gangeskar

Fylkesmeisterskapen i Yrkesfag 2018

Elevane Julie Nilsen Sundal og Johanne Vedvik frå 2 YSK Helse ved Måløy Vidaregåande Skule, vann fylkesmeisterskapen innan helsearbeidarfaget i Sogndal i dag, og skal vidare til NM.

Saman med elevane Birgitte Sørpoll og Helene Josefine Beinnes Førde, som i dag fekk være pasientar med diagnosanee hjerneslag og Parkinsons, gjekk gruppa heilt til topps i fylkesmeisterskapen. Det deltok lag frå fem skular i fylket. Elevane vart vurderte i: samarbeid med pasientane, fagleg vegleiing og hjelp knytt til kosthald, aktivitet, hygiene, observasjon, dokumentasjon og rapportering og praktiske prosedyrar. Det vart sett høge krav til elevane. Tilbakemeldinga frå dommarane var strålande, og elevane fekk god utteljing på alle punkt.

Lærarane som var med rapporterer om både svettetokt, hjartebank og gåsehud under konkurransen, men stoltheita dei følte for elevane sin innsats var likevel størst.

Elevane ønskjer og å takke alle praksisplassane

Skaretunet, Kulatoppen omsorgssenter

Heimesjukepleien i Vågsøy

Hågatunet bo- og behandlingssenter på Eid og

Vernepleien på Eid

for den støtta og den opplæringa dei har fått så langt.

 

Frå skulen deltok det to andre grupper. Ei gruppe frå Køyretøy og ei gruppe frå Restaurant og Matfag. Det har ikkje lykkast å få tak i desse, men vi kjem tilbake med rapport om korleis det har gått med dei og.

 

Tips ein ven Skriv ut