Måløy vidaregåande skule
Framflyt 1024

Framflyt 2021

I disse Koronatider vert og Framflytkonferansen ramma av smittevernreglane, men elevane har funne ei løysing

Tidlegare år har ein vanleg Framflyt-konferanse vore ein fysisk konferanse i Samfunnshallen. I denne videoen frå Framflyt 2018, ser vi at dei lokale bedriftene har heldt foredrag og hatt stands med mål om å vise fram lokalmiljøet og næringslivet rundt.

Sjå video frå Framflyt 2018

Slik ville vi hatt det i år også, men på grunn av koronaen blei vi tvungne til å tenke nytt. Denne veka lanserer vi vår fyrste episode av Framflyt 2021.

Framflyt 2021 blir på fem episoder som tar for seg våre hovudsponsorar, i tillegg til utdanning- og jobbmoglegheitane vi har i området vårt.

Sjå meir om Framflyt 21 her:

https://www.facebook.com/Framflyt

Fyrste episode vert lansert i veke 7, og dei neste episodane kjem i veke 9, 10, 11 og 12. Det vil være ein konkurranse med flotte premiar knytt til kvar episode.