Framflyt Logo 1024

Framflyt 2020

Nytt år, ny kommune og ny Framflyt-konferanse i 2020

Marknadsføringsklassa i 3STA på Måløy Vidaregåande Skule skal i 2020 igjen arrangere Framflyt-konferansen til ungdomskular i nærområdet og Måløy Vidaregåande Skule. Konferansen er meint til å vise ungdommar dei mange tilboda som finnst i kommunane våra. Konferansen vert arrangert den 28. Januar 2020, og vil innehalde føredrag frå forskjellige bedrifter, i tillegg til ein full fleirbrukshall der bedrifter frå nærområdet kan stille med stands med både spanande info og aktivitetar.

Sjølv om mange må reise vekk for å studere videre og ta ei god utdanning, vil vi i marknadsføringsklassen 3STA gjerne vise kva som venter dei som kjem tilbake, og at i heimkommunane er det moglegheiter for framtida. Målet med denne konferansen er å vise ungdomane mange av dei karrierevegane og bransjane som dei kan arbeide i dersom dei kjem tilbake.

Meir info vil kome etter kvart som dagen nærmar seg, og vi håpar å sjå viktige og spanande bedrifter i nærområdet på konferansen.

For å følgje arbeidet og konferansen, kan ein følgje @framflyt på Instagram, og @framflyt_mvgs på Snapchat.

Tips ein ven Skriv ut