Måløy vidaregåande skule
Framflyt 1024

FRAMFLYT 2019 er rett rundt hjørnet.

Tradisjonen tru, arrangerer ungdomsbedrifta Framflyt UB i 3STA Framflytkonferansen for elevane tysdag 22. januar i Samfunnshallen. Tema for konferansen i år er «På tvers av kommunegrensene»

Framflyt er ein næringslivskonferanse der formålet er å synleggjere moglegheitene innan det lokale arbeids- og næringslivet. Konferansen er spesielt retta mot ungdom i aldersgruppa 14-20 år. Vi vil inspirere og oppmuntre framtidas arbeidstakarar til å satse lokalt. Gjennom årets tema ønskjer konferansen å sette lys må mogelegheitene vi har rundt oss, og at korkje dei gamle eller nye kommunegrensene er eit hinder. Allereie i dag er det mange som bur i ei kommune og jobbar i ei anna, og fleire av desse vert med på konferansen.

I programmet er det lagt inn ein lunsjpause der det vert gratis lunsj til deltakarane på konferansen, samt mogelegheit for å gå rundt på stands og mingle med dei ulike bedriftene og opplæringskontora som deltek. I tillegg vil nokre av klassene ved skulen informere om deira studieretning.      .

Programmet for konferansen ser slik ut:

10.00 – 10.30: Velkommen til konferanse og praktisk info v/ Stine Lilloe Olsen

10.30 – 10.50: Alfred Bjørlo, Eid Kommune

10.50 – 11.20: Presentasjon av YSK/TAF elevar med videoinnslag

11.20 – 11.40: Marit Selstad, Selstad AS

11.40 – 12.40: Lunsjpause med stands og mingling i handballhallen

12.40 – 13.00: Rune Sætren, Nordvestvinduet AS

13.00 – 13.20: Frode Strømmen, Videonor/Appearin

13.20 – 13.40: Hildegunn Fure Osmundsvåg, Star Seafood AS

13.40 – 13.50: Takk for oss.

Meir info om konferansen finn du på www.framflyt.no  og facebooksida  https://www.facebook.com/Framflyt/

Nytt av året er at det vert open skule ved Måløy Vidaregåande Skule om kvelden for elevane i 10.klasse og føresette. For dei 10.klassingane som skal være med på open skule, vil skulen og miljøkoordinatorane lage til aktivitetar etter Framflytkonferansen. Mellom anna vert det gratis mat i kantina kl 16. Sjå eige oppslag om dette

Tips ein ven Skriv ut