Måløy vidaregåande skule
Opninga av konferansen

Opninga av konferansen Foto: Inger Vedvik Nygård

Framflyt 17 vel i hamn

Pulsen har senka seg, svetteperlene er tørka og roa har senka seg over arrangørane.

Trass i tekniske problem med streaminga av Framflytkonferansen, var deltakarane på konferansen og arrangørane godt nøgde med gjennomføringa.

Her er ei lita bildekavalkade frå dagen.

 

Sverre.jpg

Sverre Søraa, Coast Seafood stilte med to føredrag i dag. Vi fekk vite om dei spanande planene for sentrumstomta i Måløy, og om utviklinga og arbeidet til Coast Seafood. Føredraget om Coast Seafood vart kåra til det beste føredraget. Vi gratulerer.

Sindre Kvalheim presenterer LocalHost.jpg

Sindre Kvalheim, LokalHost har teke del i alle Framflytkonferansane som har vore arrangerte. Han heldt eit engasjerande føredrag.

Mingling.jpg

Etter at første del av konferansen var gjennomførd, var det duka for mingling og lunsj.

Mingling 2.jpg

Mingling og lunsj

Mat 1.jpg

 

Mat 2.jpg

Uten mat og drikke.....

Kokkane.jpg

Desse kokkeelevane under leiing av Monika Venøy Lexau hadde ansvaret for at dei som var tilstades ikkje gjekk svoltne frå lunsjen.

Båtbygg stand.jpg

Under lunsjpausen var det fleire bedrifter og skuleklasser som hadde stand. Båtbygg vart kåra til beste stand av elevane.

OKFH 1024.jpg

Bjørn Kvalheim i Opplæringskontoret for fiskeri og Havbruk.

Stand Fagskulen.jpg

Fagskulen i Sogn og Fjordane, Maritim avdeling orienterte om deira tilbod.

Køyr.jpg

VG 2 Køyrety presenterte køyretyutdanninga og dei mogelegheitene som ein har ved å velgje denne utdanningsvegen.

Helse.jpg

Dette er då ikkje dei som stod sist i matkøen, men ein del av undervisingsmodellane som vert brukt i helsefagutdanninga.

Avstemming.jpg

Det var ikkje noko å sei på deltakinga i kåringa av beste stand og føredrag. Det var og mogeleg å komme med idear til neste års arrangement.

Sofaprat.jpg

Etter lunsjpausen vart det ein sofaprat om TAF/YSK tilbodet. Sindre Kvalheim deltok frå arbeidsgjevarsida, og to noværande og ein tidlegare elev ved linja presenterte utdanningstilbodet og mellom anna kva fordeler ei slik utdanning gjev.

Arrangørar 18 1024.jpg

 Representantar for elevane som skal arrangere Framflyt 18 dreiv litt "industrispionasje". Dei var nøgde med det dei såg.

Arrangør framflyt 17.jpg

Desse representantane for Framflyt 17 var godt nøgde med arrangementet og aktiviteten i mingle- og lunsjpausa. Dei ønskjer og å gi ros både til dei gode føredragshaldarane og utstillarane  som dreiv god informasjon i pausa.

Tips ein ven Skriv ut