Illustrasjonsbilde

Illustrasjonsbilde Foto: Ida Gangeskar

Fleirkulturelt prosjekt

I veke 19 og 20 vart det jobba med eit fleirkulturelt prosjekt på Helse og Oppvekst avdelinga.

Prosjektet har hatt som mål at elevane på VG1 Helse og Oppvekst og VG2 Barne- og Ungdomsarbeidar skulle verte kjende med andre land sin kultur. Elevane arbeidde på tvers av fag og studieprogram. I veke 19 var ein på besøk på Opplæringssenteret i Måløy og fekk gjort seg kjende med, og ikkje minst snakka med, personar frå dei landa som elevane hadde valt for sine presentasjonar.

I veke 20 hadde dei ein fleirkulturell dag der elevane hadde presentasjon av «sitt» land. Presentasjonen inneheldt tradisjonell mat, musikk, bilder og fakta om landet.

Prosjektet var lærerikt på mange måtar, men det vert spesielt framheva dette med at ein fekk jobbe på tvers av fag og studieretning og ikkje minst det sosiale med ei slik læringsform.

Her er nokre andre bilder frå prosjetet (alle foto Ida Gangeskar)

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Tips ein ven Skriv ut