Dagens lunsj

Dagens lunsj Foto: Ingri Føleide Hagen

Fiskesprell

VG2 Barne- og Ungdomsarbeidar hadde besøk av Gry Tokvam frå FISKESPRELL. Dette er eit nasjonalt kosthaldsprogram som har som mål å auke sjømatkonsumet blant barn og unge.

For elevane i 1HO og 2BUA starta dagen med foredrag om kor viktig det er at barn i barnehage og skule får gode kostvanar. M.a. var det oppsiktsvekkande å høyre at det er gjort undersøkingar som viser at barn et meir sjokolade enn fisk i løpet av ei veke.

 

Deretter var 2 bua på kjøkkenet og laga gode fiskerettar som m.a. «Wraps med tacolaks», «Asiatisk torskeform», «Sprø seipinnar» og «Laksewok». I tillegg fekk elevane si eiga kokebok med mange gode tips til enkle, gode og næringsrike rettar som dei kan prøve ut saman med barn når dei er i praksis. Ein inspirerande og lærerik dag!

 

Tips ein ven Skriv ut