Måløy vidaregåande skule
YSK/TAF lærlingar

YSK/TAF lærlingar Foto: Bjarne Husevåg

Feiring av fagprøver

Svært god innsats må påskjønnast, noko fjerde klasse YSK/TAF fekk erfare denne veka.

4TAA vart måndag denne veka overraska med kaffi og kaker av kontaktlæraren sin. Grunnen til dette var at 16 av 18 lærlingar hadde vore oppe til fagprøve i løpet av eit par veker, og alle bestod. Det var fleire som fekk karakteren Bestått mykje godt.

 

Kantina leverte nydeleg gode kaker.

 

 

 

 

 

Det vart avlagt fagprøver innan fleire fagområder og Måløy vidaregåande skule, i samarbeid med kommunar og bedrifter i Sogn og Fjordane, kan når dette skuleåret er omme, vere stolte av å ha uteksaminert seks helsefagarbeidarar, ein barne- og ungdomsarbeidar, to fagoperatørar i akvakultur, seks industrimekanikarar, ein CNC-operatør, ein modellbyggjar og ein fagoperatør i polymerkompositt. Totalt i denne gruppa er det 10 jenter og 8 gutar som gjennom iherdig innsats sit att med studiekompetanse og fagbrev i løpet av ei 4-årig utdanning.

Både elevar og instruktørar i kommunane og bedriftene må gratulerast med eit slikt resultat på den yrkesfaglege delen av utdanninga. Vidare framover er det den teoretiske delen som skal avsluttast med eksamenar fram til den 15.juni.

Sidan lærebedriftene til desse ungdommane strekkjer seg frå Fjaler i sør til Selje i nord, betyr dette også at næringslivet og kommunane i regionen no har fått tilgang på høgt kvalifiserte, lokale medarbeidarar som anten kan gå rett i arbeid, eller kome tilbake til regionen etter høgare utdanning.

I lys av eit slikt resultat, vågar vi å hevde at det vedtaket som Hovudutvalet for opplæring gjorde i vår om utviding til 16 elevplassar ved YSK/TAF utdanninga er framtidsretta og i tråd med kommunane og næringslivet sine behov for høgt kvalifiserte fagarbeidarar.

Tips ein ven Skriv ut