Måløy vidaregåande skule
Varm mat i kantina

Varm mat i kantina

Elevundersøkinga 2020

Informasjon til føresette og elevar om undersøkinga, og lenke til sjølve undersøkinga.

Elevundersøkinga er ein nasjonal undersøking av elevane sitt læringsmiljø. Undersøkinga gir elevane høve til å seie kva dei meiner om læring og trivsel på skulen. Resultata frå undersøkinga blir lagra og brukte av skulen, skuleeigarar og den statlege utdanningsadministrasjonen for å analysere og utvikle læringsmiljøet til elevane. Delar av resultata frå Elevundersøkinga blir publiserte på Utdanningsdirektoratets netteneste Skoleporten (skoleporten.udir.no). Tema i undersøkinga er mellom anna trivsel, motivasjon, læringsutbytte, mobbing og fysisk miljø. Spørsmåla er på nynorsk, bokmål, samisk, engelsk, dari, tigrinja og arabisk, og dei kan også bli lest opp på nynorsk, bokmål, engelsk og arabisk.

Her finn du meir informasjon for føresette:

Her finn du meir informasjon for elevar:

Link til informasjon på ulike språk.

Link til pålogging til elevundersøkinga

Med helsing
Åsta Navelsaker Røed
rektor
Måløy vidaregåande skule
tlf.: 41 53 08 37