Vaksenopplæring1024

Elevundersøkinga 2019

Elevundersøkinga er ei årleg undersøking der elevane får sei si meining om læring og trivsel på skulen. Svara vert brukt av skulen, fylkeskommuna og staten for å gjere skulen betre.

Kva er føremålet med Elevundersøkinga?

Elevundersøkinga gir elevane høve til å seie kva dei meiner om læring og trivsel på skulen.  Resultata frå undersøkinga blir lagra og brukte av skular, skuleeigarar og den statlege utdanningsadministrasjonen for å analysere og utvikle skule- og læringsmiljøet til elevane. Data frå undersøkinga kan også bli brukte til forsking, og forskarar kan få utlevert rådata frå undersøkinga. Delar av resultata frå Elevundersøkinga blir publiserte på Utdanningsdirektoratets netteneste Skoleporten (skoleporten.udir.no).

Korleis blir undersøkinga gjennomført?

Elevundersøkinga ved Måløy Vidaregåande Skule vert gjennomført i desember månad 2019. På hausten er det obligatorisk for fylkeskommunane/skulane å gjennomføre Elevundersøkinga, men det er frivillig for elevane å svare på Elevundersøkinga. Elevane kan også starte ei undersøking, og hoppe over spørsmål dei ikkje ønskjer å svare på. Spørsmål om følgjande tema er obligatoriske på hausten:

•Trivsel

•Motivasjon, arbeidsforhold og læring

•Heim-skule-samarbeid

•Støtte frå lærer

•Vurdering for læring

•Medverknad

•Reglar på skulen

•Trygt miljø

•Rådgjeving

 

Utdanningsdirektoratet har laga eit informasjonsskriv til foreldre og føresette som kan lesast her:Informasjonsskriv elevundersøkinga 2019.