Måløy vidaregåande skule
Teodora Flåten Refsnes og Hege Sætren

Teodora Flåten Refsnes og Hege Sætren Foto: Bjarne Husevåg

Elevstyrd dag ved Måløy Vidaregåande Skule

Etter avtale mellom elevrådet og leiinga ved skulen var det bestemt at den 22.mars skulle være ein elevstyrd dag.

Dei tilsette brukte dagen til etterarbeid på medarbeidarundersøkinga og informasjon frå IKT avdelinga. IKT sjef Bjørn Normann Sørensen var hjarteleg tilstades og informerte om omlegginga som er sett i verk og delte nokre tankar om framtida innan skuleverket både når det gjaldt IKT utstyr, brukarhjelp og bemanning.

Elevane derimot hadde vanleg skuledag, der det var sett fokus på fellesfaga. Kl 08.00 tok dei over skulen, og hadde ansvaret for administrering og undervising for dei klassane som var til stades.  

Elevrådsleiar Hege Sætren var fungerande rektor denne dagen, og hadde med seg Teodora Flåten Refsnes for å fylle dei andre administrative stillingane. Undervisinga var det elevane i 3TAA og 3STA som har planlagt og gjennomført.

Ordninga skal evaluerast, men i følgje rektor Åsta Navelsaker Røed skal ein ikkje sjå bort frå at dette kan verte gjort fleire gongar.

Her er ei samling bilder av aktiviteten denne dagen:

Undervising i klasse 1STA i Samfunnsfag

 

 

 

 

Foto: Elise Silden

 

 

 

Undervising i klasse 1STA i Samfunnsfag

 

 

 

 

Foto: Elise Silden

 

 

Entusiasmen er det lite å klage over med dei «nye» lærarane

 

 

 

 

 

 

Foto: Elise Silden

 

 

 

Helse og Omsorgsfag

 

 

 

 

Foto: Bjarne Husevåg

 

 

 

Gruppearbeid

 

 

 

Foto: Bjarne Husevåg

 

 

Trivselsfaktoren var høg hos lærarane.

 

 

 

Foto: Bjarne Husevåg

 

 

Også blant dei som hadde undervisingsfri på pauserommet

 

 

 

 

Foto: Bjarne Husevåg

 

 

 

Gruppearbeid såg ut for å være ei mykje nytta arbeidsform

 

 

 

 

Foto: Bjarne Husevåg

 

 

Også Kahoot vart nytta ein del.

 

 

 

Foto Bjarne Husevåg

 

 

Nokre hadde og ordinær undervising

 

 

 

Foto: Bjarne Husevåg

 

 

 

Om denne plakaten hadde sitt utspring i reelle forhold, eller var eit uttrykk for skjult frustrasjon, er usikkert.

 

 

 

 

Foto: Bjarne Husevåg

 

 

Det var i alle fall lite frustrasjon å spore i gruppearbeidet til dei tilsette

 

 

Foto: Bjarne Husevåg

 

 

.

Dei tilsette i støttefunksjonar i arbeid med evaluering av medarbeidarundersøkinga.

 

 

Foto: Bjarne Husevåg

Tips ein ven Skriv ut