Skuleskyss

Til skolen.jpg

Lurar du på korleis du kjem deg til skulen med offentleg transport? På denne sida finn du alt du treng å vite.

Bussruter

På Kringom kan du planlegge reisa di.

 

Rett til gratis skuleskyss?

Elevar som har meir enn seks kilometer skuleveg (målt langs kortaste farbare veg) har rett på gratis skuleskyss. Du kan søke om gratis skuleskyss her.

 

Behov for tilrettelagt skuleskyss?

Dersom du har funskjonshemming eller varig sjukdom, eller dersom du ikkje har kollektivtilbod på ei strekning der du har rett til skyss, kan du ha rett på tilrettelagt skuleskyss. Les meir om tilrettelagt skyss ved å klikke på denne lenka. Ta kontakt med skulen, så hjelper vi deg med søknad.