Hopp til hovedinnhold

Bur du på hybel?

Hybelrom med seng, TV, skrivepult og gitar.

Det er mange av elevane våre som bur på hybel, og vi gjer mykje for at du som bur på hybel skal ha det det godt, både på skulen og heime.

Om lag 1/3 av elevane på skulen er hybelbuarar, og vi er godt kjende med at det kan vere både spennande og skummelt å flytte for seg sjølv. Ikkje nok med at du kjem til ein ny plass, så er det også ny skule, mange nye mennesker og du skal greie deg nærmast heilt på eiga hand. Vi vil hjelpe deg så godt vi kan, og har fleire tilbod du kan nytte deg av.

 

Tilbod til deg som er hybelbuar

Hybelbuarkurs

Ved skulestart vil alle nye elevar som bur på hybel bli inviterte til hybelbuarkurs på skulen. Her vi du møte miljøkoordinator, helsesjukepleiar, politi, brannvesen og kulturetaten i Kinn kommune. Dei vil gje deg informasjon om alt mogleg som omhandlar hybellivet, blant anna kosthald, økonomi, tryggleik på hybelen, leigekontrakt og fritidstilbod i kommuna.

Her får du anledning til å stille alle spørsmål du måtte lure på om hybellivet, og du vil møte mange andre som er i same situasjon som du. Kanskje blir du kjend med nokre nye mennesker? I forkant av kurset brukar vi å ha ein felles middag i kantina på skulen. 

 

Hybelbesøk

I løpet av dei fyrste månadane vil miljøkoordinator, politi og brannvesen komme på besøk til alle nye hybelbuarar. Dette er eit av dei mange viktige tiltaka vi har for at du skal føle deg trygg både på hybelen din og i dei nye omgjevnadane dine. Dei som kjem på besøk til deg vil blant anna undersøke brannsikkerheita på hybelen din, de kan kike på leigekontrakta di og det er rom for at du kan stille spørsmål og prate med dei om ulike ting du er usikker på.  

 

 

Husleigelova

I denne lenkja finn du ein PDF om reglane i husleigelova.

Det er viktig for deg som bur på hybel å lese om og halde deg oppdatert på dine og utleigar sine rettar og pliktar. 

 

Treng du hybel?

Vi har kontakt med fleire som leiger ut hybel nær skulen og kan hjelpe deg med å få kontakt med dei. Lista til skulen er ikkje uttømmande, men det kan vere ei hjelp for mange. Har du spørsmål kan du ta kontakt med Nina i ekspedisjonen, enten ved å møte opp eller ringe 57 63 79 00. 

Vi anbefalar også at du følger med på annonsar i sosiale media og i lokalavisa.