Biblioteket

Fleire elevar som sit på biblioteket og les bøker

Skulebiblioteket vårt finn du i 1. etasje i C-fløyen. Biblioteket er opent alle dagar i skuletida. Her kan både elevar og tilsette låne bøker.

Livet på biblioteket

Du kan bruke biblioteket til studier, eller som ein stad for ro og avslapping. På biblioteket er det fleire sofakrokar der du kan slappe av med ei god bok eller prate med vener. Vi har også to skjerma arbeidsplassar der du kan få arbeidsro til sjølvstudier eller gruppearbeid.

Opningstider

  • Måndag kl. 08:00 - 20:00
  • Tysdag kl. 08:00 - 16:00
  • Onsdag kl. 08:00 - 16:00
  • Torsdag kl. 08:00 - 20:00
  • Fredag kl. 08:00 - 14:00

Bibliotekar Heidi er til stades kvar morgon frå 08:30-11:30.

Søk etter litteratur

Biblioteket tilbyr fag- og skjønnlitteratur, teikneseriar, aviser og tidsskrift, leksikon og oppslagsverk. Du kan søke etter bøker i skulen sin bibliotekbase. Du kan også  snakke med bibliotekaren vår Heidi  - ho kan hjelpe deg med det meste.  

Lånekontrakt

For å kunne låne lærebæker og bibliotekbøker må du underteikne ei elektronisk lånekontrakt når du startar på skulen. Er du under 18 år må også føresette underteikne. Du må logge inn med BankID eller MinID.

Lånekort

Her på skulen kan du bruke PocketID på mobilen som lånekort.

E-lån

Ved å bruke appen frå BookBites kan du låne e-bøker og lydbøker som du kan laste ned til datamaskina, lesebrettet, nettbrettet eller mobilen din heilt gratis. Det er mest romanar, men også ungdomsbøker og fagbøker. Same bok kan lastast ned til seks ulike einingar, og bøkene blir automatisk levert tilbake etter tre veker.

1. Last ned apppen BookBites Bibliotek i App Store eller Google Play

2. Velg Innlogging med Feide

3. Velg di tilhøyrsle - Vestland fylkeskommune

4. Logg inn med Feide-brukaren din (skulekontoen din)

 

 

Bibliotekaren vår

Heidi kan hjelpe deg med blant anna:

  • å finne bøker, fagartiklar eller liknande
  • å finne gode kjelder i bøker og på nett
  • kjeldekritikk, kjeldelister og sitering
  • å finne noko godt lesestoff som passar deg

Heidi Brendsdal Myhre

undervisningsstilling
Heidi Brendsdal Myhre