Hopp til hovedinnhold

Skulehelsetenesta

Skulehelsetenesta ved Måløy vidaregåande skule består av helsesjukepleiar og sjukepleiar i psykisk helse og rus. Tenesta er tilgjengeleg fleire dagar i veka, og elevane kan ta kontakt når dei treng det. Begge har teieplikt, tilbodet er gratis, og elevane får dokumentert fråvær når dei har vore til samtale.

Kva kan du snakke med helsesjukepleiar, og sjukepleiar i psykisk helse og rus om?

 

 

Helsesjukepleiar Birgitte

Helsesjukepleiar er på skulen to dagar i veka, og du kan oppsøke ho når du treng det. Ingen sak er for lita og ingen spørsmål er dumme. 

Her er nokre eksempel på kva du kan snakke med helsesjukepleiar om: 

  • vanskelege tankar, om du er trist eller lei 
  • spørsmål om livsstil: søvnvanskar, fysisk aktivitet, kosthald, tobakk og rusmidlar 
  • prevensjonsrettleiing, til dømes resept på prevensjonsmiddel 
  • konsentrasjonsvanskar eller lærevanskar 
  • vanskelege heimeforhold, eller utfordringar med nokon i familien 
  • opprette kontakt med andre helseinstansar, til dømes psykolog 
  • utsett for (eller vitne til) vald eller overgrep 
  • vanskar med å bu i Noreg

 

Sjukepleiar i psykisk helse og rus, Silje

Sjukepleiar i psykisk helse og rus er på skulen éin dag i veka (tysdag). Elevane kan oppsøke ho når dei treng nokon å snakke med.  

Her er nokre eksempel på kva du kan snakke med sjukepleiar i psykisk helse og rus om: 

  • vanskelege tankar, uro, stress, tristheit eller det å kjenne seg sliten 
  • angst, nedstemtheit eller andre psykiske plager 
  • søvnproblem, indre uro eller konsentrasjonsvanskar 
  • press og forventningar frå skule, heim eller deg sjølv 
  • rusmiddel: eigne erfaringar, bekymringar eller spørsmål 
  • utfordringar i vennskap, forhold eller det å kjenne seg utanfor 
  • vanskelege forhold heime eller i familien 
  • vonde opplevingar som har sett spor 
  • behov for nokon å snakke med – også utan å vite kvifor 
  • hjelp til kontakt med andre tenester, som fastlege eller psykolog 

 

Vi er her for deg! 
Du kan komme innom kontoret og sjå om vi er ledige, eller du kan bestille time ved å ta  kontakt på telefon eller e-post dersom du synest det er lettare. 

 Du finn oss på rom A217 i andre etasje i A-fløyen, og vi er her:

Tysdag: 09:00–14:00 (sjukepleiar i psykisk helse og rus) 
Onsdag: 09:30–14:00 (til 15:30 i oddetalsveker – helsesjukepleiar) 
Fredag: 09:00–12:00 (helsesjukepleiar)

Andre nyttige tilbod