Hopp til hovedinnhold

Rådgjevarane våre

Open natur med blå himmel, grønt gras og eit tre

Har du spørsmål om utdanning og yrke? Synast du skulearbeidet er utfordrande? Opplev du ting på skulen eller heime som gjer skulekvardagen vanskeleg? Ta kontakt med ein av rådgjevarane våre!

Her på skulen har vi to rådgjevarar som er klare til å ta imot deg. Dei har teieplikt, og kan berre gje opplysingar vidare dersom du ynskjer det.

Rådgjevarane jobbar tett med klasseteam, miljøkoordinator og skulehelsetenesta på skulen. I tillegg samarbeidar dei med rettleiingstenesta, psykisk helseteam, barnevernstenesta og BUP.

Kva kan du ta opp?

Detter er noko av det rådgjevar kan hjelpe deg med:

  • Informasjon og råd om val av studieretningsfag og valfag
  • Informasjon og råd om yrke og vidare utdanning
  • Råd og rettleiing dersom du opplev vanskar i skulearbeidet
  • Råd og støtte dersom du har personlege eller sosiale vanskar
  • Opprette kontakt med andre instansar

Ta kontakt

Du kan komme innom kontoret vårt, eller sende oss ei Teams-melding for å avtale ei tid.

Astrid

Eg er rådgjevar for elevane på yrkesfag.

Kontoret mitt er på A218, i andre etasje i A-fløyen, og eg er her: 

  • Måndag: 09:00-15:30
  • Tysdag: 09:00-14:00
  • Onsdag: Etter avtale
  • Torsdag: 10:30-16:00
  • Fredag: 08:30-12:00

Astrid Dorte Brandal

Rådgjevar
Astrid Brandal

Ragnhild-Elin

Eg er rådgjevar for elevane på studiespesialisering og yrkes- og studiekompetanse. 

Kontoret mitt er på rom C215 i andre etasje i C-fløyen, og eg er her:

  • Måndag: 08:30-09:00 og 10:00-10:30
  • Tysdag: 10:50-12:20 og 13:00-14:00
  • Onsdag: 11:20-11:50 og 12:20-14:20
  • Torsdag: 08:30-09:30, 11:00-12:00 og 12:30-13:30

Ragnhild-Elin Fimreite

Rådgjevar
Ragnhild-Elin Fimreite