To dagar i veka held skulen open etter skuletid. Her kan du få deg middag, gjere lekser eller arbeide på verkstedet, spele spel eller trene, eller berre slappe av i lag med andre.
Når?
Måndag og torsdag kl. 15:40-20:00.
Tilbod og aktivitetar
På Open skule kan du finne på mykje kjekt. Her er ei liste over tilboda våre:
- Gratis middag
- Bordtennis
- Sjakk
- Brettspel og kort
- Spele i gamingrommet
- Treningsrom
- Buldring
- Open verkstad
- Opent bibliotek
Ofte har vi ulike konkurranser og spel som quiz og bingo, og innimellom ulike temakveldar og kurs - alt etter elevane sine ønsker og innspel.
Middag
![Vegansk aften i kantina](https://maloy.vgs.no/contentassets/85a7cf02823a4dc8a83163c2fc616d05/openskulemiddag3.png?width=1280&quality=80)
![Lakseburger](https://maloy.vgs.no/contentassets/85a7cf02823a4dc8a83163c2fc616d05/openskulemiddag2.png?width=1280&quality=80)
![Vegansk aften i kantina](https://maloy.vgs.no/contentassets/85a7cf02823a4dc8a83163c2fc616d05/openskulemiddag.png?width=1280&quality=80)
![Elevar som er ute og et grillmat og er sosiale](https://maloy.vgs.no/contentassets/24e9210d0db745abad1da1c150521b87/openskuleute-2.png?width=1280&quality=80)
![Elevar som forsyn seg med grillmat ute](https://maloy.vgs.no/contentassets/24e9210d0db745abad1da1c150521b87/openskuleute1-2.png?width=1280&quality=80)
Kven er det for?
Open Skule blir mykje brukt av hybelbuarane, men er like mykje eit tilbod til fastbuande elevar og ungdom mellom 16-20 år, i tillegg til lærlingar i Kinn kommune. Alle er like hjarteleg velkomne.
Eg er her for deg!
Kom innom kontoret mitt, eller send meg ei melding.
Du finn meg på rom A219 i andre etasje i A-fløyen, og eg er her:
- Måndag: 08:30-19:00
- Onsdag: 08:30-12:30
- Torsdag: 08:00 13:00
- Fredag: 08:00-12:30
Lillian Løvold Lyng
Miljøkoordinator![Lillian Løvold Lyng](https://maloy.vgs.no/contentassets/d1589a537e3446aea9ec394c4084783b/lillian-lyng.jpg?width=120&height=120&quality=80)