Hopp til hovedinnhold

Miljøkoordinator

Vi er opptekne av at du som elev skal ha det bra, både medan du er på skulen og etter skuletid. Her på skulen har vi ein miljøkoordinator som har din trivsel som si hovudoppgåve.

Trygt og godt skulemiljø

Miljøkoordinatoren vår, Lillian, er spesielt oppteken av at du som elev skal ha det best mogleg og at du skal få oppleve mykje kjekt på skulen vår.

I løpet av skuleåret set ho i gang fleire ulike miljøskapande aktivitetar, som til dømes Halloween-feiring, pepperkakehuskonkurranse, vaffeldag og grillfest.

Aktivietetane styrast mykje av kva du som elev ynskjer - vi er alltid opne for forslag til kjekke aktivitetar.

 

Nokon å prate med

Miljøkoordinator er også ein person du kan ta kontakt med om du treng hjelp eller nokon å prate med.

Har du det ikkje heilt greitt ein dag, er du bekymra for ein venn, synes du det er vanskeleg å ta kontakt med andre elevar, eller er du usikker på kven du skal snakke med om noko du lurer på? Ta kontakt med miljøkoordinator. Ho kan prate med deg eller sette deg i kontakt med den som kan hjelpe deg best.

 

Her er fleire av miljøkoordinator sine ansvarsområder:

Eg er her for deg!

Kom innom kontoret mitt, eller send meg ei melding.

Eg har kontor på rom A219 i andre etasje i A-fløyen. Og har kontortid:

  • Måndag: 12:00 -19:00
  • Torsdag: 8:30 - 12:00
  • Fredag: 08:30 - 14:00

Lillian Løvold Lyng

Miljøkoordinator
Lillian Løvold Lyng