Måløy vidaregåande skule
Det var ingen ting å sei på matlysta

Det var ingen ting å sei på matlysta Foto: Bjarne Husevåg

Elevane Grilla

Elevrådet lagde i dag til med grill og grillmat for elevane.

No er våre elevar både vass- og vindtette, og regnet som kom under grilltimen såg ikkje ut for å legge ein dempar på stemninga. Dei djervaste forsøkte og aktivitetar på bana, men det såg ut for at innbyttarbenken var den som gjekk sigrande ut av den konkurransen. Nokre hadde likevel alliert seg med alle oppskrifters mor (vår kjære bibliotekar Heidi), og ho stilte med steiketakke og lagde sveler på løpande band.

Tips ein ven Skriv ut