Måløy vidaregåande skule
Mange fristelser

Mange fristelser Foto: Iren Hammersvik

Elevane frå 2KSA kom seg heim att etter arbeidspraksis i La Rochelle.

I byrjinga av mars reiste elevar som går Kokk og servitør ved Måløy Vidaregåande Skule til La Rochelle saman med elevar frå Mo og Øyrane Vidaregåande Skule.

Skulane har eit nært samarbeid med den hotellfaglege skulen Lycée Hôtelier i La Rochelle. Det årlege opplegget går på både språkopplæring og ikkje minst praktisk opplæring i det franske kjøkken.

Dagane var organisert ved at elevane vart fordelt på lokale restaurantar der dei gjennomførde to vakter kvar dag, ei føremiddagsvakt og ei kveldsvakt. Inn i mellom var det besøk på den lokale matmarknaden, med utprøving av lokale spesialitetar og sosialt samvære.

Normalt er det sett av tre veker til dette studieopphaldet, men grunna Koronaviruset, vart opphaldet avbrote og elevane returnerte til Noreg etter ei veke.   

Trass avbrotet, tilbakemeldingane frå elevane var at det hadde vore ei lærerik veke og ei kjekk oppleving.

Her er eit knippe bilder frå turen. (Bildeeigar: Iren Hammersvik)

Et bilde som inneholder innendørs, person, tak, stående

Automatisk generert beskrivelse

 

Første møte på utplassering

 

 

 

 

 

 

 

 

Et bilde som inneholder person, utendørs, kvinne, holder

Automatisk generert beskrivelse

 

 

Churros

 

 

 

 

 

 

Et bilde som inneholder person, kvinne, innendørs, personer

Automatisk generert beskrivelse

 

 

 

 

Sosialt samvære

 

 

 

 

Et bilde som inneholder innendørs, mat, kake, fylt

Automatisk generert beskrivelse

 

 

 

 

 

Eia var vi der…….

 

 

 

Et bilde som inneholder dyr, sitter, del, donut

Automatisk generert beskrivelse

 

 

 

 

 

 

 

 

Finger-mat ???

Et bilde som inneholder person, innendørs, personer, kvinne

Automatisk generert beskrivelse

 

 

 

 

 

 

 

 

Avskjeds-middag