Måløy vidaregåande skule
Praten gjekk livleg

Praten gjekk livleg Foto: Kristoffer Nordheim

Eldredag

Tradisjonen tru, arrangerte russen eldredag den 6. juni i kantina ved Måløy Vidaregåande Skule

Elevane stod for alt det praktiske med pynting, matservering, underhaldning og ordna med transport til og frå samlinga for dei som trong dette. Totalt var det om lag 70 pensjonistar og bebuarar ved Kulatoppen Omsorgssenter som deltok på samlinga.

Forutan god mat og kaffi vart det og quis, underhaldning og song ved Håkon Kongshaug. Inn i mellom innslaga, gjekk praten ved borda. På vegne av dei eldre takka Magna Kvalheim russen for at dei tenkjer på dei eldre i nærmiljøet, og at dei tek seg tid til eit slikt triveleg arrangement midt i eksamenstida. Ho ønskte og russen lykke til vidare.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Tips ein ven Skriv ut