Måløy vidaregåande skule
Måløy Vidaregåande Skule

Måløy Vidaregåande Skule Foto: Atle Råsberg

Eit skuleår er omme

Eit år fylt av positive hendingar er over, og elevane har fått sine karakterutskrifter og er klare for nye utfordringar.

For skulen som heilheit har det vore eit skuleår «på farta». Ombygginga av to av undervisingsfløyane har medført at både tilsette og elevar har måtte lære seg improvisasjonens kunst, og alle ser no fram til at ein i løpet av neste skuleår skal komme inn i faste former i nye lokaler. Vi må ikkje gløyme våre samarbeidspartnarar i  næringslivet, faktisk rundt om i heile fylket, for deira velvillige samarbeid når vi som skule har hatt behov for å få flytta noko av undervisinga, fordi vi ikkje har hatt tilgang til utstyr og verkstader no under ombygginga. Det er svært sjeldan at vi har fått nei når vi har spurt etter praksisplassar, eller bedt om å få bruke deira utstyr til undervisinga.

At vi i dette skuleåret og hadde elevar som forsvarte norgesmeisteren innan kokkefaget og vart nye norgesmeistrar innan helsearbeidarfaget, er noko som legg eit press på skulen for å halde oppe kvaliteten. Slike resultat aukar sjølvkjensla i skulen, og legg ikkje minst eit press på tilsette og skulen i forhold til dei elevane som skal ta til på si utdanning hausten 2019. Det er ikkje å stikke under ein stol at forventingspresset er der, både frå fylket som skuleeigar og foreldre som overlet sine håpefulle i vår «varetekt». Når så ein dei siste dagane i skuleåret får presentert ei undersøking der Sogn og Fjordane Fylke toppar liste over elevar som gjennomfører vidaregåande utdanning, har vi i grunnen lov til å skryte av oss sjølve.

På den marine og maritime sida vil vedtaket om bygging av nytt undervisingsfartøy gi elevane tilgang på tipp topp moderne undervisingsfasilitetar, og mogelegheiter som knapt nokon andre har i dag. Samarbeidet med Mowi AS om undervisingskonsesjonen innan akvakultur gir og elevane på Akvalina ei tidsmessig og relevant praksisopplæring, noko som er umulig å gjennomføre i tilknyting til skulebygga. Elles vil eit nært samarbeidet med Måløy Marine Ressurssenter (MMR) og Norges Miljø og Biovitenskapelige Universitet, (NMBU) på Ås tilføre FoU kompetanse til skulen. 

I løpet av neste skuleår vil to store reformer gjere seg gjeldande for skulen vår. Fyrst har vi kommunesamanslåinga med Flora til Kinn kommune, og samanslåinga med Hordaland til nye Vestland fylkeskommune. Kva endringar dette vil føre med seg, har vi inga oversikt over endå. Frå hausten 2020 vil det dessutan verte innførd nye læreplaner for vidaregåande opplæring, der innhaldet i opplæringa vil være med å endre skulen slik vi kjenner den i dag. Det vil og skape nye utfordringar for dei tilsette, som gjennom neste skuleåret skal gjennomføre etter- og vidareutdanning for å være rusta til møte dei nye utfordringane som innføringa av nye læreplaner gir.

Måløy Vidaregåande Skule vil med dette å ønskje elevar, føresette, samarbeidspartnarar og tilsette ein riktig god sommar og vel møtt til skulestart til hausten.

Tips ein ven Skriv ut