Lokomotivparken

Lokomotivparken Foto: Andreas Runderheim

Duka for jernbane til Måløy?

Som bilete viser er lokomotiva no klar.

Som ei årsavslutning i verkstadane har elevane i TIP klassene og faglærar Andreas Runderheim gjennomført eit prosjekt der dei har laga lokomotiv. Ein av kommentarane frå elevane var at «No har vi starta arbeidet med å lage lokomotiv, no er det opp til Bygg- og Anleggsklassa å legge spor».

Vi ønskjer elevane lykke til med gjennomføringa, og minner om at det allereie eksisterer ei gamal reguleringsplan for Måløy der det var teikna inn trikkelinje mellom Sæterneset og Gotteberg.

Nokre av dei ansvarlege frå v:

Henrik Vedvik, Mathias Skår, Håkon Refvik Nordbø, Stian Rasch, Steffen Hokstad Valvik, Hubert Zalas, Benjamin Gallefoss Flataker og Jonas Halvorsen

 

 

 

 

 

 

 

 

Oppstilt og klar til teneste.

 

 

 

 

 

 

 

 

Tips ein ven Skriv ut