Tilsette frå dei vidaregåande skulane samla i Operahuset på Eid

Tilsette frå dei vidaregåande skulane samla i Operahuset på Eid Foto: Bjarne Husevåg

Dei vidaregåande skulane samla til felles planlegging.

Som ein del av planlegginga før skulestart på måndag, har alle vidaregåande skular i Nordfjord vore samla til felles planlegging på Eid.

Tema for dagen var digital satsing for tilpassa opplæring og auka læringsutbytte.

Hovudforelesar var tidlegare faglærar ved Eid Vidaregåande Skule og no professor i pedagogikk ved Universitetet i Bergen, Rune Krumsvik. Tema for forelesinga var

  • Digitale læringsfellesskap

  • Klasseleiing i ein digital kontekst

  • Kvifor digital satsing.

 

 

Vidare gjekk IKT driftsansvarleg Tom Sølve Myklebust, Utviklingsleiar ved Firda VGS, Magne Larsen og  IKT rådgjevar Ole Henrik Møhlmann gjennom Rammer, mål og strategi for digital satsing i Sogn og Fjordane Fylkeskommune.

 

 

 

 

 

 

 

Etter ein betre lunsj, fekk e-pedagogane Stine C. Hillestad Mikalsen, Mette Carlsen, Kari Silden Sølvberg og Hans Græsli dele sine erfaringar med ulike digitale verktøy for tilrettelegging og oppfølging av enkeltelevar.

Dagen vart avslutta med arbeid i dei forskjellige seksjonane på skulane med tema klassenotatblokk som verktøy for tilpassa opplæring og oppfølging av enkelteleven.

 

Alle foto: Bjarne Husevåg

Tips ein ven Skriv ut