Måløy vidaregåande skule
Opplæringsfartøyet M/S Skulebas

Opplæringsfartøyet M/S Skulebas

Då har vi fått den fyrste rapporten frå Skulebas

Skulebas er hyra inn som forskningsfartøy for Havforskingsinstituttet for å kartlegge bestanden av Pigghå langs norskekysten. Oppdraget vil gå over ein 5 års periode med fangsting i 4 veker kvar haust. Elevane på VG2 Fiske og fangst utgjer mannskapet saman med forskarar frå Havforskinga.

Galleri

Klargjering av hålina
Klargjering av hålina
Hålina klar til setjing
Hålina klar til setjing
Det vart ikkje fisk på kvar ein krok..
Det vart ikkje fisk på kvar ein krok..
Men humøret var godt likevel.
Men humøret var godt likevel.
Fangsten må dokumenterast
Fangsten må dokumenterast

Som kjent skal Skulebas dei neste vekene drive forskingsfangst for Havforskingsinstituttet. I samband med det, har vi ein frittgåande reportar om bord, Malin Halnes, som er elev på VG2 Fiske og fangst og som har lovd å sende feltrapportar ved ujamne mellomrom. Det har vore noko ujamn dekning når det gjeld nett, så bilder får vi når høva ligg til rette for det..

Dagens rapport fredag 22.10 seier følgjande:

Vi starta opp Måndags morningen med rigging og gjorde klart alt vi trengde for denne firevekers turen. Tysdag kl 16.30 forlot vi Tennebø. Fyrste stubben vart sett kl 18.30, og vi fekk godt med pigghå. Vi fortsette å fiske oss vidare nordover til Ålesund.

Både onsdag, torsdag og fredag fiska vi frå Nordøyane i vest og austover Midsundfjorden, men det var dårlig med fangst. P.g.a. dålege veirmeldingar trekte vi oss vidare austover Misundfjorden og fangsta der.

Torsdags kvelden fekk vi litt bruk i propellen, vi fekk problem med splitta og vi fekk hydraulikklekkasje i dragerommet, slik at vi på natt til fredag gjekk inn til Ellingsøya for å få hjelp til utbedring og reparasjonar.

Vi takkar Malin for denne fyrste rapporten, og reknar med at vi kjem med ein ny rapport til neste helg. I god fiskarånd ønskjer vi dei skitt fiske vidare.

Alle foto: Malin Halnes