Måløy vidaregåande skule
Illustrasjonsbilde

Illustrasjonsbilde

Då er det endeleg klart for ny båt til skulen etter at fylket har tildelt kontrakt for bygging av ny Skulebas.

Ein gledas dag for tilsette og elevar innan dei maritime og marine linene ved skulen.

Etter at det førre konseptet til bygging av ny båt vart forkasta av fylkestinget, har ei styringsgruppe og ei prosjektgruppe, jobba tett mot næringa og skuleverket med gjennomgang av spesifikasjonane for båten og gjort tilpassingar slik at konseptet no tilfredsstiller dei kostnadsrammene som fylkestinget har vedteke og som er akseptable for brukarane ved Måløy Vidaregåande Skule.

Oppdraget med prekvalifisering for design og bygging vart lagt ut på anbod i februar med frist 30. mars, og etter dette vart det sendt ut invitasjon til å gi tilbod frå utvalde aktørar. Tildeling av byggekontrakta vart gjort 29. juni etter dei tildelingskriteria som var fastsett i utlysinga.

Byggekontrakta har ei ramme på 105 millionar kroner og gir skulen ein båt som vil oppfylle dei strengaste miljøkrava for utslepp (IMO Tier 3), den vil ha fullrensing av kloakk, den er utrusta med hybriddrift via ei diesel-elektrisk aggregatløysing med batteripakke på 1000 kw for framdrift, råstofflagringa er basert på lagring i 1000 liters kar i kjølerom med tilsvarande løysing for restråstoffet. I forhold til det gamle konseptet, er driftsgrunnlaget utvida med utstyr for snurrevad og trål i tillegg til line og garn, med fartsområde Bankfiske 1 og Liten Kystfart. Messa vert utrusta slik at den og kan brukast som undervisingsrom for 15 elevar.

Båten vert utrusta med moderne navigasjonsteknologi og fiskeleitingsutstyr, samt maskinovervaking frå bru og kontrollrom i maskina. Styringsgruppa har sett funksjonalitet som opplæringsplattform, tryggleik, HMT og miljø høgt ved dei endringane som er gjort i det nye båtkonseptet.

Det er Hvide Sande Shipyard i Danmark som skal bygge båten. Kor mykje lokale/regionale firma vert involvert i bygginga, er framleis uvisst. I følgje tildelinga skal båten overleverast seinast i Juli 2023.

Nokre data for nye Skulebas:

Verft:                      Hvide Sande Shipyard, Ringkøbing, Danmark

Design:                  Hvide Sande/Solstrand Trading

Lengde o.a.:           35 meter

Bredde:                  9,5 meter

Djupne i riss:          3,5 meter

Tonnasje:               under 500 tonn

Framdrift:               Hybriddrift (via diesel-elektrisk aggregat og batteripakke)

Lugarkapasitet:      20 personar

Maks fart:              12 knop.

Marsj fart:              10 knop (85% MCR)

Fartsområde:         Bankfiske 1 og Liten Kystfart

Klasse:                  1A E0TMON BATTERY (Power) ER (SCR)