Studentar og tilsette NMBU

Studentar og tilsette NMBU Foto: Bjarne Husevåg

Besøk frå Norges miljø- og biovitenskapelege universitet, NMBU

Tysdag var om lag 40 studentar og professorar på besøk til Måløy Vidaregåande Skule.

Dei tilsette og studentane var i Måløy for å gjere seg kjend med Akvakulturmiljøet, og då spesielt dei lokale firma som er basen i Måløy marine ressurssenter (MMR).

Det var rektor Åsta Navelsaker Røed, prosjektleiar Mona Bakke Svarstad og avdelingsleiar Eivind Birknes som tok imot gjestane og presenterte skulen og det eksisterande skuletilbodet innan havbruk og fiske. Det var og avsett tid til ei orientering om simulatordrifta og orientert om vidare planer for fylket og skulen si satsing innafor havbruk og fiske.

Dei umiddelbare tilbakemeldingane frå gjestane var svært positive, og dei såg fram til å utvikle eit nært samarbeid med Måløy Vidaregåande Skule og havbruksnæringa i regionen.

Etter besøket hos Måløy Vidaregåande Skule fortsette gjestane til Selstad AS.

Tips ein ven Skriv ut